Hopp til innhald

Kan ungdommen redde klimaet?

Kven hadde trudd at ein 16-åring skulle bli den tydelegaste stemma i klimadebatten? Svenske Greta Thunberg har klart å få verdsleiarar til å lytte til bodskapen sin: "Vi må handle no. Klimagassutsleppa må stoppast."
Vil dei som har makt, følgje råda hennar? Vil du?
Greta Thunberg sittende utenfor det svenske parlamentet. Til venstre for henne står en plakat med teksten "Skolstrejk för klimatet". Til høyre for henne en lilla og en sort skolesekk og et pledd. Bildet er tatt i august 2018. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klimastreik over heile verda

Året 2019 kan bli hugsa som året då ungdommar over heile verda tok ut i gatene for å vise si misnøye med kva dei voksne gjer for å redde klimaet. Også i Noreg har titusenarar delteke i demonstrasjonar.

Ta ei handsopprekking: Kor mange i klassen har streika for klima?

Diskuter:

  • Kva kan vere årsaka til at somme streikar for klima og andre ikkje gjer det?
  • Dei av dykk som har streika for klima: Kva gjorde at de valde å vere med?
  • Dei av dykk som ikkje har streika for klima: Kvifor valde de å ikkje vere med? Er det sannsynleg at de vil streike i framtida? Grunngi svaret.

Det er sjeldan å sjå så mange barn og unge demonstrere for ei felles sak. Kva er årsaka til at dei starta å demonstrerte for klimaet i akkurat 2019? Det heile starta med ei ung jente frå Sverige og emneknaggen #fridaysforfuture.

#fridaysforfuture

Kva gjer du når du brenn sterkt for ei sak og føler at ingen høyrer etter, eller at dei som bestemmer ikkje gjer nok? For svenske Greta Thunberg var løysinga å starte med skulestreik for klimaet. Ein fredag hausten 2018 stilte ho seg opp framfor den svenske Riksdagen med plakatar og flygeblad. I tillegg brukte ho Twitter og Instagram til å informere om aksjonen sin. 15-åringen sitt engasjement blei plukka opp av pressa, og snart var ho på alle framsider og i alle kanalar.

I desember 2018 talte Greta til verdsleiarane på FN sitt klimatoppmøte. Det var ingen audmjuk tenåring som stod på talarstolen. Ho var klar på at dei vaksne har svikta:

Så vi har ikkje kome hit for å be verdas leiarar om å ta vare på framtida vår. Dei har ignorert oss før, og dei vil gjere det igjen.

Vi er komne hit for å fortelje dei at forandringa kjem anten dei likar det eller ikkje. Folket vil ta utfordringa. Ettersom leiarane våre opptrer som barn, må vi ta ansvaret som dei burde ha teke for lenge sidan.

Gå i djupna på klimaspørsmålet

Etter talen på FNs klimatoppmøte i 2018 har Greta Thunberg reist rundt i verda og halde fleire taler. Alle har fått stor merksemd i pressa. Men vil engasjementet til Greta og alle barn og unge som ropar høgt om endringar i klimapolitikken, føre til noko?

For å gå i djupna på dette temaet, kan du lage ei problemstilling du har lyst til å finne svaret på.

Forslag til problemstilling

Vi har laga ei ganske vid problemstilling du kan bruke som utgangspunkt for utforsking. Du kan bruke kunnskap frå fleire fag for å svare på ho:

Kan ein 16-åring redde klimaet?

Dette spørsmålet kan delast i fleire underspørsmål, som til dømes desse:

  • Kva skjer med klimaet?
  • Kva kan påverke klima?
  • Kva for moglegheiter har ein 16-åring til å påverke politiske avgjerder?
  • Korleis blir avgjerdstakarar påverka av det Greta Thunberg seier?

Diskuter med ein medelev:

  • Kva må de finne ut av for å kunne svare grundig på spørsmålet om ein 16-åring kan redde klimaet? Lag ei liste.
  • Kvar kan de finne fagstoff og andre kjelder som kan hjelpe dykk å finne svara?

Tips til korleis du kan søkje på nettet finn du i læringsstien Søkestrategiar

Del med klassen:

Fortel andre medelevar kva de har funne ut, eller del i eit samskrivingsdokument.

Vel du/de å jobbe vidare med forslaget vårt til problemstilling, er det mogleg å følgje læringsstien "Kan ein 16-åring redde klimaet?"

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020