Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummering: 22. juli

Oppgåve 1. 22. juli i bilete

Vel eit av bileta som du synest gir ei god oppsummering av terrorhendinga 22. juli 2011.

Finn du ikkje nokon passande bilete i oppgåva? Hent gjerne andre frå internett, men hugs å grunngi valet ditt.

Kvifor valde du dette biletet? Del med ein medelev.

Oppgåve 2. 22. juli i ord

Les sitata over. Fleire av desse sitata har vore viktige for mange i tida etter 22. juli 2011. Diskuter med ein medelev eller felles i klassen:

  1. Kva har sitata til felles?

  2. Kva historie om 22. juli blir fortald gjennom sitata?

  3. Kvifor trur de denne historia om 22. juli var så viktig i tida etter terrorhendinga?

  4. Er det andre historier som kan forteljast om 22. juli, med eit anna fokus?

Oppgåve 3. Felles dialog i klassen

Ein dag vil de som no går på vidaregåande vere dei siste som hugsar noko frå denne grufulle dagen og tida etter. De vil bli dei siste tidsvitna. Kva er det viktigaste å formidle til dei unge i framtida?

CC BY-SASkrive av Pia-Helene Amundsen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021

Læringsressursar

22. juli 2011