Hopp til innhald

Fagstoff

Terrorangrepa på Noreg 22. juli 2011

Den 22. juli 2021 var det ti år sidan terrorangrepa på Regjeringskvartalet i Oslo og på Utøya i Hole kommune. Til saman 77 personar blei drepne i det som blir rekna som noko av det verste Noreg har opplevd i fredstid. No skal du få vite heilt konkret kva som skjedde denne fredagen.

Frå bomba i Oslo til arrestasjonen på Utøya

Regjeringskvartalet

Gjerningsmannen Anders Behring Breivik, 32 år, gjennomførte eit nøye planlagt massedrap på til saman 77 menneske i løpet av knappe 3,5 timar den 22. juli 2011. Ei 950 kilo tung gjødselbombe, som var plassert i ein parkert bil utanfor Høyblokka i Regjeringskvartalet i Oslo, eksploderte klokka 15.25. Bomba hadde han laga sjølv, etter instruksjonar på internett.

I forkant av eksplosjonen sende Breivik ut programerklæringa “2083. A European Declaration of Independence” til 8000 e-postadresser, saman med ein eigenprodusert video. I manifestet grunngav han handlingane han skulle gjere. Han var ueinig i måten Noreg utvikla seg på.

Planen til Breivik var mellom anna å sprengje Høyblokka i stykke, noko som ikkje lykkast. 8 personar, både tilfeldige forbipasserande og folk som jobba i området, blei drepne i eksplosjonen. Fleire blei skadde og frakta til sjukehus. Mange bygningar blei ramma. Området såg ut som ei krigssone, med glas frå øydelagde vindauge spreidd overalt.

Utøya

Etter at bomba hadde gått av, køyrde Breivik til Utøya, som er staden for AUFs ungdomsleir kvar sommar. AUF er Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjon. Der var det 564 politisk engasjerte ungdommar. Den einaste måten du kan kome deg til Utøya på, er ved hjelp av båt, og staden har ei fast ferje, som bruker 5–6 minutt på den korte turen.

Forkledd som politimann kom gjerningsmannen seg over til øya, og cirka klokka 17.25 starta han eit massedrap på dei som var der. Til saman blei 69 ungdommar drepne og 33 skadde, og mange fleire har framleis fysiske og psykiske skadeverknader etter terrorangrepet. Breivik blei til slutt arrestert av terrorstyrken til politiet, den såkalla Delta-gruppa, klokka 18.37.

Utøya sett frå lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Usikkerheit, uro og misforståingar

Etter at bomba hadde eksplodert utanfor Høyblokka, kom det fleire konkrete tips om gjerningsmannen som ikkje blei følgt opp av alarmsentralen i Oslo (110). Det blei heller ikkje varsla riksalarm. Riksalarm kunne ha ført til auka beredskap i heile landet og stenging av utfartsvegar ut av Oslo. Dette skjedde først etter fleire timar.

Oslo og Buskerud politidistrikt samarbeidde dårleg, fordi dei hadde ulike rutinar. Beredskapsstyrken til politiet for terror, spesialstyrken Delta, blei forseinka på grunn av misforståingar rundt kvar Utøya låg.

Rett etter at bomba hadde gått av, byrja spekulasjonane om kven som kunne stå bak. Terrorforskarar, mellom anna den anerkjende svenske terroreksperten Magnus Ranstorp og Helge Lurås frå Norsk Utanrikspolitisk Institutt, gjekk ut i media og sa at mykje tydde på at det var ei islamsk terrorgruppe som stod bak.

AUF-leiar Eskil Pedersen, som flykta frå Utøya under angrepet, trudde at Noreg hadde blitt utsett for eit statskupp, og at “politiet var med på det". Desse rykta fortel mykje om kor kaotisk og uoversiktleg denne ettermiddagen var.

To gardistar med paradeuniform og skotsikre vestar. Ein ligg og siktar med gevær. Ein sit i skjul. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under masseskytinga på Utøya, der det yngste offeret var femten år, blei ungdommar drivne på flukt på ei øy der det er svært vanskeleg å gøyme seg. Det er cirka 600 meter inn til fastlandet, og mange valde å leggje på svøm, sjølv om gjerningsmannen skaut etter dei. Somme låste seg inn på doen i Kafébygget, ein viktig samlingsstad på øya. Andre gøymde seg så godt dei kunne bak steinar, klippeframspring ved vatnet, eller ved å spele døde. Alle var ramma av panikk, og ingen skjønte kva som eigentleg gjekk føre seg.

Men det er viktig å hugse på at 487 av ungdommane overlevde terrorhandlinga, sjølv om 69 blei drepne og fleire enn 33 skadde. Likevel veit vi i dag at mange av dei som overlevde, har fått for lite oppfølging av helsevesenet etterpå. Dette gjeld òg naboar som bidrog i den dramatiske redningsaksjonen, og overlevande frå Regjeringskvartalet.

Verkelegheita søkk inn natt til 23. juli

Frå og med klokka 18.37 hadde spesialstyrken Delta gjerningsmannen under kontroll, og helsepersonell kunne få sleppe til. Styresmaktene jobba hardt for å finne ut kven som hadde overlevd, kven som var frakta til sjukehus, og kven som hadde døydd.

Dei som arbeidde på øya kvelden 22. juli, fortalde seinare korleis mobiltelefonar ringde og ringde overalt, heilt til batteria døydde ut. På displayet for telefonen stod det ofte “mamma”.

Det kom stadig opplysningar som tydde på at dette ikkje var snakk om islamsk, men høgreekstrem terror. Framleis var det mange uavklarte spørsmål, men gjerningsmannen var arrestert, og ein hadde så langt ikkje funne fleire terroristar eller bomber.

Ungdommane på Utøya som hadde overlevd, var i tryggleik på det mellombelse mottakssenteret på Sundvollen hotell i Hole kommune. Regjeringskvartalet såg ut som ei krigssone, men blei vakta av soldatar frå Heimevernet og Forsvaret. Regjeringa sjølv hadde blitt ført i tryggleik, og statsminister Jens Stoltenberg frå Arbeidarpartiet heldt cirka klokka 22.37 same kveld ein pressekonferanse. Her fortalde han at Noreg framleis hadde ei regjering som fungerte og som styrte landet. Noreg stod samla i krisetider.

Justisminister Knut Storberget, som var saman med statsministeren, opplyste kort om at det var arrestert éin mann, og at han var norsk. Ein visste då framleis ikkje kor mange som faktisk hadde blitt drepne i terrorangrepet. Tidleg på morgonen 23. juli blei det offisielle talet på døde justert kraftig opp. Nokre dagar seinare kom det fram at talet var noko lågare. Til saman 77 menneske hadde døydd ved Regjeringskvartalet og på Utøya.

Éin enkelt høgreekstrem mann hadde gjennomført det mest dødbringande angrepet på Noreg i fredstid. Korleis kunne det skje? Korleis skulle vi reagere?

Kjelder


Bentzrød, S.B. (2013, 19. april). Slik har du aldri sett Garden. aftenposten.no. https://www.aftenposten.no/oslo/i/p3k0b/slik-har-du-aldri-sett-garden

Borchgrevink, A.S. (2012). En norsk tragedie. Anders Behring Breivik og veiene til Utøya. Gyldendal: Oslo.

NOU 2012: 14. (2012). Rapport fra 22. juli-kommisjonen. Servicesenteret for departementa.  https://www.regjeringen.no/contentassets/bb3dc76229c64735b4f6eb4dbfcdbfe8/no/pdfs/nou201220120014000dddpdfs.PDF

Seierstad, Å. (2013). En av oss. En fortelling om Norge. Kagge forlag: Oslo.

Stenstønes, M. (2017). På vår vakt. Meldinger frå Beredskapsstroppen til politiet. Aschehoug: Oslo.

Svardal, Y.G. (2011, 4. august). Eksklusivt intervju: AUF-lederen trodde det var et statskupp. tv2.no. https://www.tv2.no/a/3551738

CC BY-SASkrive av Pia-Helene Amundsen.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2021

Læringsressursar

22. juli 2011