Hopp til innhald

Fagstoff

Rettssaka etter 22. juli-terroren

I april 2012 var det klart for rettssaka mot Anders Behring Breivik. Endeleg skulle vi få sjå han og forhåpentleg få svar på nokre viktige spørsmål: Kven var han? Kvifor blei han slik? Kan det skje igjen?
Nærbilete av falda mannehender i handjern. Fingrane er korte og kraftige, neglene er kortklipte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rammene rundt rettssaka

Det var sett av ti veker til behandlinga av rettssaka mot terroristen Anders Behring Breivik.

Rettssaka gjekk føre seg i Oslo tinghus frå og med 16. april til og med 25. juni 2012, til saman 43 rettsdagar, og sjølve dommen blei publisert 24. august 2012. Rettssaka blei direktesend i 17 tingrettar over heile landet, slik at dei som var ramma i ulike delar av Noreg, kunne følgje med. I tillegg blei rettssaka send på nett-tv og i ordinær tv kvar dag, med ein del unntak. Mellom anna skulle ikkje Anders Behring Breiviks vitnemål eller vitneforklaringane til offera bli publiserte. I Oslo tinghus blei rettssal nummer 250 spesialbygd for å handtere det heile.

Fakta om rettssaka
  • Det var fem dommarar i saka: leiaren i retten, fagdommar Wenche Elizabeth Arntzen, fagdommar Arne Lyng og 3 meddommarar. Meddommarar er vanlege borgarar utan juridisk bakgrunn, som blir tilfeldig vald ut blant 8000 Oslo-bebuarar som har meldt seg til ei slik teneste.

  • Aktoratet, dei som skal føre saka mot den tiltalte, var politiadvokat Inga Bejer Engh og politiadvokat Svein Holden.

  • Hovudforsvararen for den tiltalte Anders Behring Breivik var advokat Geir Lippestad.

  • Dei som hadde blitt fysisk treft av metall eller bly i samband med terrorangrepet, til saman 121 menneske, blei definerte som offer i saka.

  • Offera i saka hadde ulike bistandsadvokatar som skulle føre deira sak.

Terrorist eller psykisk sjuk?

Ingen var i tvil om at Anders Behring Breivik faktisk var skyldig. Men var massedrapa 22. juli 2011 aksjonen til ein politisk terrorist? Eller var dei eit resultat av forvirringa til ein einsam, psykisk sjuk mann?

Den psykiatriske ekspertisen var splitta i to leirar før rettssaka starta.

Den eine rapporten, som blei publisert i november 2011 og basert på 13 intervju med terroristen, kom til at Breivik var psykisk sjuk og derfor ikkje kunne dømmast. Breivik var utilrekneleg og måtte overførast til tvunge psykisk helsevern, det vil seie at han skulle gjennom tvungen behandling – ikkje straff.

Men ikkje alle var einige i dette, mellom anna Anders Behring Breivik sjølv, og ein ny sakkunnig rapport blei bestilt. Rapporten var ferdig rett før rettssaka skulle starte og konkluderte med at den tiltalte var tilrekneleg og kunne dømmast.

Blei den tiltalte erklært psykisk sjuk og utilrekneleg, slik som den første rapporten hevda, kunne Noreg som nasjon kanskje berre gå vidare utan så mykje sjølvransaking. Breivik var galen, utan ansvar for eigne gjerningar. Samfunnet hadde ikkje noko ansvar for handlingane til ein som var erklært sinnssjuk.

Men blei han erklært tilrekneleg, som den andre rapporten la opp til, måtte Noreg ta eit oppgjer med kva det var som hadde skapt eit slikt “monster”. Han voks jo opp midt iblant oss. Nokon burde ha sett. Nokon burde ha gjort noko. Hadde samfunnet då svikta Breivik?

Spørsmålet om i kva grad samfunnet skal ta ansvar for – og ikkje minst faktisk har eit ansvar for – dei ekstreme handlingane til enkeltpersonar, er vi framleis ikkje ferdige med i 2021.

Om dei første vekene i rettssaka – tårer og hat

Cirka kl. 09.00 den 16. april 2012 kom den tiltalte Anders Behring Breivik til rettssal 250 i Oslo tinghus. Lokalet var stappfullt med journalistar, vitne, pårørande, ramma, AUF-leiing og utanlandske journalistar. Straks den tiltalte fekk løyse handjerna om hendene, “slår han høyreneven mot brystet, løfter armen strakt ut og opp i en lukket hilsen” (Seierstad, 2013, s. 437). Denne helsinga, som blir tolka som ein fascistisk gest, blei ofte gjenteken gjennom dei ti vekene rettssaka varte.

Men det som forbløffa mange utanlandske journalistar, var det som skjedde rett etterpå. Då kom bistandsadvokatane, rettspsykiatrane og aktorane (dei som skulle føre saka mot den tiltalte) fram til Breivik for å handhelse på han. Dei utanlandske journalistane brukte tid på akkurat dette då dei rapporterte frå rettssaka den første dagen. Ifølgje dei fortalde denne augeblinken noko om korleis Noreg responderte på terroren – på ein “verdig” måte.

Den første veka blei mellom anna Breiviks eigenproduserte video, som dannar bakteppet for manifestet 2083, vist. Her forklarer han ideologien sin. Under visinga gret den tiltalte openlyst. Dette vekte oppsikt fordi han elles verka uberørt.

Om terrorhendinga fortalde han at han hadde “gjennomført det mest sofistikerte, spektakulære angrepet i Norge” (Østli, 2012, s. 14). Breivik forklarte òg at han såg på seg sjølv som ein fotsoldat i kampen mot det han kalla multikulturalismen, som ifølgje han på sikt ville utrydde det han kalla det norske urfolket. Ungdommane på Utøya var “legitime mål”, det same var dei som jobba i Høyblokka.

Tenk etter

Kvifor trur du Breivik vel å bruke ordet "urfolk"?

Det einaste tilløpet til aggresjon under rettssaka var ein liten episode i veke 4. Etter ein detaljert gjennomgang av korleis dei 77 som mista livet, faktisk døydde, blei det for mykje for ein av dei pårørande. Ein sko blei brått kasta i retning av Breivik mens ein desperat mann ropte ut: “Du drap bror min!” Spontant braut det ut applaus i rettssalen. Men situasjonen blei raskt teken hand om, og mannen blei ført ut av sikkerheitsvaktene. Bortsett frå denne hendinga gjekk rettssaka i det store og heile fredeleg føre seg.

Midtvegs i rettssaka – glede og bedrag

I veke 5 av rettssaka kom dei overlevande inn i rettssalen, med mange sterke og ufattelege vitnesbyrd. Ein overlevande fortalde at dei bestemde seg for å symje frå øya, men at kameraten drukna undervegs. Ei jente måtte halde ansiktet sitt på plass med sønderskotne hender, mens ho gøymde seg for terroristen.

AUF-medlemmen Ina Libak blenda dei som var til stades med det gode humøret sitt og livsgleda si, noko ein i utgangspunktet ikkje skulle tru var mogleg. Ho fortalde at mens ho gøymde seg for terroristen, såg ho ein vassdrope på eit blad, og ho hugsa at ho stussa over at noko kunne vere så vakkert.

Anders Behring Breivik gjekk rundt på Utøya i litt over ein time og avretta dei ungdommane han fann. Fordi han var iført ein truverdig, men heimelaga politiuniform og sa at han var frå politiet, lokka han fleire av dei fram og skaut dei. Dette skjedde mellom anna med tretten ungdommar ved Pumpehuset, som ligg på nordsida av øya.

Dommen

Den 24. august 2012 reiste leiaren i retten, lagdommar Wenche Elizabeth Arntzen, seg med dommen i handa. Etter ti vekers rettsprosess, som formelt var fullført 25. juni 2012, skulle dommen falle – og det tok nesten fire timar å lese han opp.

Domstolen hadde komme til at den tiltalte kunne dømmast, fordi dei meinte at han var strafferettsleg tilrekneleg. Anders Behring Breivik fekk 21 års fengselsstraff utan prøvelauslatingar undervegs, forvaring, med ei minstetid i fengsel på ti år. Dette er Noregs strengaste straff.

Dommen understreka at Breivik, som vil vere 53 år ved lauslatingstidspunktet, sannsynlegvis vil halde fram med å ha dei same meiningane. Noko av det aller viktigaste med ein forvaringsdom er at den som er dømd, må vise endra haldningar og ikkje lenger blir oppfatta som ein fare for samfunnet.

Det betyr at terroristen mest sannsynleg aldri vil sleppe ut av fengsel.

Straks dommen var klar skreiv nettavisene for harde livet, og eit ord gjekk igjen i timane og dagane som følgde domsslutninga: lette. Verken Breivik eller aktoratet anka dommen. Brevik anka ikkje fordi han ikkje anerkjende retten, mens aktoratet på si side ikkje anka fordi dei godtok forvaringsdommen.

Rettsstaten Noreg hadde bestått prøva. Gjerningsmannen hadde fått prøvd ut saka si for retten. Offera hadde fått fortelje historiene sine. Eit kapittel kunne lukkast no – for mange.

Kjelder

Schau, K. (2012). Rettsnotat 22. juli-rettssaken, Oslo tinghus 2012. No Comprendo Press: Oslo.

Seierstad, Å. (2013). En av oss. En fortelling om Norge. Kagge forlag: Oslo.

Syse, H. (Red.). (2018). Norge etter 22. juli. Forhandlinger om verdier, identiteter og et motstandsdyktig samfunn. Cappelen Damm Akademisk: Oslo.

Østli, K. S. (2013). Rettferdighet er bare et ord. 22. juli og rettssaken mot Anders Behring Breivik. Cappelen Damm: Oslo.

CC BY-SASkrive av Pia-Helene Amundsen.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2021

Læringsressursar

22. juli 2011