Hopp til innhald
Oppgåve

Prosjekt: 22. juli 2011

I denne prosjektoppgåva skal klassen saman belyse sentrale problemstillingar rundt det som skjedde 22. juli 2011. De skal jobbe i grupper og med ulike fordjupingsemne.

Om prosjektet

Dette prosjektet består av tre fasar:

  1. Gruppearbeid: Gruppene fordjupar seg i ulike emne.

  2. Deling: Gruppene deler det dei har funne ut, med klassen.

  3. Individuelt arbeid: Kvar elev skriv eit oppsummerande refleksjonsnotat.

I refleksjonsnotatet skal de bruke det de har lært i gruppearbeidet og av dei andre gruppene, slik at de kan svare på nokre sentrale spørsmål om 22. juli.

Hovudspørsmål

Gjennom prosjektet skal de søkje etter svar på desse seks hovudspørsmåla:

  1. Kvifor blei nettopp regjeringskvartalet og Utøya angripne?

  2. Korleis takla Noreg krisa?

  3. Kva blei konsekvensane av terrorangrepet?

  4. Korleis kunne eit slikt angrep skje?

  5. Korleis kan vi hindre at noko liknande skjer igjen?

  6. Korleis påverkar terror og ekstremisme politisk deltaking?

Relevante fag

Denne oppgåva kan jobbast med som eit større prosjekt i eitt eller fleire fag. Relevante fag kan vere

  • norsk

  • samfunnskunnskap

  • historie

  • religion og etikk

  • sosiologi og sosialantropologi

  • politikk og menneskerettar

  • historie og filosofi

  • kommunikasjon og kultur

  • psykologi

  • rettslære

  • mediefaga

De kan velje mellom mange ulike fordjupingsemne. Skal de til dømes jobbe med prosjektet i historie og i mediefag, vel de dei emna som er mest relevante for desse faga.

Fase 1: gruppearbeid

Jobb i grupper på 2–4 elevar og fordel ulike fordjupingsemne mellom gruppene. De finn forslag til fordjupingsemne under.

Kvar gruppe skal setje seg inn i fordjupingsemnet sitt og prøve å svare på hovudspørsmåla over, ut frå den faglege innfallsvinkelen de har valt.

Ver merksam på at ikkje alle fordjupingsemna kastar lys over alle hovudspørsmåla. I nokre tilfelle vil eit fordjupingsemne kanskje berre belyse to eller tre spørsmål.

Forslag til fordjupingsemne
  1. Ytringsfridom og hatefulle ytringar

  2. Mangfald og "multikulturalisme"

  3. Radikalisering

  4. Høgreekstremisme

  5. Konspirasjonsteoriar

  6. Ekkokammer

  7. Rasisme / islamofobi

  8. Vondskap

  9. Beredskap og overvaking

  10. Risiko og krise

  11. Utanforskap

  12. Psykisk helse

  13. Terrorisme

  14. Straff

  15. Offera

  16. Historiebruk og historieforfalsking

  17. Minnestader og minnemarkeringar

  18. Historisk kontekst

  19. 22. juli i kunst og litteratur

  20. Politisk engasjement blant ungdom

  21. "Meir demokrati, meir openheit"

  22. Mediedekning

  23. Arbeidarpartiet (Ap)

  24. Å møte hat med kjærleik

Fase 2: deling

Gruppene skal dele det dei har funne ut, med klassen. De kan til dømes førebu ein kort presentasjon og skrive ein kort tekst som oppsummerer det de har funne ut.

Fase 3: individuelt arbeid

Til slutt skriv alle eit individuelt refleksjonsnotat. I notatet skal de prøve å svare på dei seks hovudspørsmåla. Det er viktig at de får fram kva det samla arbeidet i klassen har vist av breidda og kompleksiteten i spørsmåla.