Oppgåve
Diskuter reaksjonane etter 22. juli
Diskuter desse problemstillingane i klassen eller i mindre grupper:
I talane til statsminister Jens Stoltenberg kjem han ofte tilbake til desse orda: “Meir demokrati, meir openheit – men aldri naivitet”. Kva meinte han med dette?
Tweet-en “Når en mann kan forårsake så mye ondt, tenk hvor mye kjærlighet vi kan skape sammen” av Helle Gannestad blei ståande som eit symbol på dei norske reaksjonane etter 22. juli. Kvifor vakte dei norske reaksjonane så mykje merksemd i utlandet?
Hadde Noreg hatt dei same reaksjonane dersom det var islamistiske terroristar som stod bak angrepa?