Konspirasjonsteoriar og falske nyheiter - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Konspirasjonsteoriar og falske nyheiter

Falske nyheiter er eit omgrep vi bruker om nyheitsliknande saker som verkar ekte, men som er basert på løgn. Falske nyheiter spreier desinformasjon, propaganda og konspirasjonsteoriar.

Falske nyheiter og konspirasjonsteoriar

er framstillingar som ser ut som vanlege nyheitssaker, men som bevisst spreier usanningar og har ei hensikt om å villeie. I staden for å bygge på fakta inneheld falske nyheiter løgner, , eller . Falske nyheiter blir spreidde raskt gjennom sosiale medium.

Ein konspirasjonsteori er ein falsk forklaringsmodell eller teori. Denne handlar om at feil og problem i verda kjem av at elitar og mektige menneske sammensverger seg i hemmelegheit for å fremme sin eigen, skjulte dagsorden.

Slike teoriar er òg kjenneteikna ved påstandar om at ingenting skjer tilfeldig, ingenting er kva det ser ut til å vere, og alt heng saman med alt.

Kvifor blir falske nyheiter og konspirasjonsteoriar spreidde?

Spreiing av falske nyheiter og konspirasjonsteoriar skjer fordi nokon ønsker å påverke haldningane dine, tene pengar eller skape uro i samfunnet.

Videoar på YouTube, alternative nettaviser og mediekanalar som spreier konspirasjonsteoriar, kan ha millionar av lesarar og sjåarar. Her er det mogleg å tene store pengar for dei som spreier konspirasjonsteoriar.

Politiske aktørar kan ønske å skape politisk forvirring, der målet er å påverke valresultat, spreie propaganda eller auke mistillit mot demokratiske institusjonar. Ei befolkning utsett for falske nyheiter og desinformasjon, vil ha vanskeleg for å vite kva som er sant – noko som kan vere ein fordel for enkelte politiske aktørar.

Falske nyheiter og kritisk tenking

Falske nyheiter og desinformasjon er ei stor utfordring i dagens samfunn. For at vi skal kunne avsløre falske nyheiter, må vi tenke kritisk og kjenne igjen typiske teknikkar som blir brukte for å spreie usanningar på internett. I lenkene under finn du hjelp til kritisk tenking rundt falske nyheiter og konspirasjonsteoriar:

Kjelder

Færseth, J. (2021). Fyrtårnet i øst: Putins Russland og vestlige ekstremister. Humanist Forlag. Oslo.

Færseth, J. (2022, 12.januar). Konspirasjonsteoretikeren Putin? I VG. Henta frå https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/z7bvm4/konspirasjonsteoretikeren-putin

Orgeret, K.S. (2020, 6.februar). Falske nyheter. I Store Norske Leksikon. Henta frå https://snl.no/falske_nyheter

Skjelseth, H.T. (2019, 19.mars). Putins propagandakrig. I NRK Urix. Henta frå https://www.nrk.no/urix/xl/putins-propagandakrig-1.15891961

Slotten, A. (2020, 3.august). Slik avslører du falske nyheter. I NRK. Henta frå https://www.nrk.no/norge/informasjonskrig_-hvordan-beskytte-seg-mot-usannheter-1.15106966

Undervisningsopplegg: Falske nyheter (u.å.). I Folk og Forsvar. Henta frå https://folkogforsvar.no/tema/undervisning/undervisningopplegg-falske-nyheter/

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er falske nyheiter?

Vi ser på definisjonar av omgrepet falske nyheiter og døme på ulike former for usann informasjon.

Skrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022