Hopp til innhald

Fagstoff

Forslag til årsplan i historie vg3

Det er mange måtar å disponere faginnhald og tid på. Somme planlegg på vekebasis, andre i større periodar. Vi har laga eit forslag til korleis du kan planleggje skuleåret etter læreplanen ved hjelp av læringsressursane i NDLA for historie vg3.
Kalenderblad med datoar med blå skrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Læringsressursar i historie vg3 frå NDLA

Dei oppdaterte læreplanane i LK20 er utgangspunktet for ressursane på NDLA. Læreplanen legg opp til mindre kronologi og ei meir tematisk tilnærming.

Det er dette vi har gjort i historiefaget her på NDLA. Emna handlar om naturressursar og berekraft, folk, flytting og handel, demokrati og medborgarskap og krig og konfliktar. Vi tilbyr likevel eit emne med dei historiske periodane der fagartiklar er sette i ein kronologisk samanheng.

Samanheng mellom vg2 og vg3

Noko av det viktigaste med LK20 er at det skal trekkjast lengre linjer. Sjølv om somme emne har ein spesifikk tilhøyrsel til vg2 og somme til vg3, er det no ein endå større samanheng mellom emna på dei ulike trinna. Det betyr at du stort sett vil sjå dei same hovudemna i strukturen på vg3 som på vg2, og at emne på vg3 i stor grad byggjer vidare på emne på vg2.

Eit døme her er hovudemnet om Naturressursar og berekraft. På vg2 handla dette om det å skaffe mat og utnytte naturressursane meir kommersielt. På vg3 trekkjer vi dette vidare til industrialisering og teknologiske omveltingar og til berekraft i eit historisk perspektiv.

Tverrfagleg arbeid og samanhengar i og mellom fag

Alle dei tre tverrfaglege temaa er med i læreplanen i historie. Særleg demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling har ein sentral plass i kompetansemåla. Det vil vere naturleg å jobbe med desse internt i faget, men historiefaget er også viktig i samarbeid med ei rekkje andre fag. For vg3 vil dette spesielt gjelde norsk og religion og etikk, men også engelsk og ei rekkje programfag vil vere aktuelle her.

Storfamilie på Embrettstua seter i Stor-Elvdal, ca. 1890. Vaksne og barn står saman på eit tun. Somme av barna sit framme. Dei har alle finstasen på, og dei fleste har hovudplagg. Ein hest står saman med dei. I bakgrunnen er eit hus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilpass ressursane til eiga undervisning

Den nye læreplanen i historie er lagd opp tematisk, slik vi som nemnt også har løyst det i NDLA. Vi tilbyr likevel eit breitt spekter av ressursar, noko som gjer at lærarar kan tilpasse ressursane til eiga undervisning og den aktuelle klassen. Somme oppgåver kan tilpassast ved at elevane sjølv vel emne å jobbe med. Som lærar må du gjere eit utval når du bruker NDLA som læremiddel i historie.

I forslaget til årsplan har vi lagt lenkjer til innhald på NDLA. Desse kan brukast for å nå dei aktuelle kompetansemåla og kjerneelementa i faget.

Forslag til årsplan

Vi har laga eit forslag til årsplan med tema/hovudemne, kort beskriving av innhald, læreplantilknyting og lenkjer til fagressursar for kvart emne.

Planen er rettleiande, og han kan lastast ned og tilpassast til ulike elevgrupper og skulen sine eigne årsplanar.

Filer

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2023

Læringsressursar

Om faget