Hopp til innhald

Fagstoff

Om historie vg3 på NDLA

Historiefaget på NDLA vart revidert i samsvar med fagfornyinga til skulestart 2022. Til liks med historie vg2 har historie vg3 no ein temabasert emneinngang, i staden for kronologisk. Dette er i samsvar med dei nye læreplanane i LK20.
Måleriet *Fra Hjula Veveri* viser kvinner i lange skjørt og sjal som arbeider ved vevemaskiner i ein stor fabrikkhall.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ny struktur og nytt innhald

Vi i NDLA har valt ei temabasert tilnærming til historiefaget, basert på læreplanen i historie i LK20. Temaa vi har valt, går i det store og heile på tvers av vg2 og vg3 med ulike underemne på dei to trinna. Du vil framleis sjå at vg2 har fokus på eldre historie og vg3 på nyare historie, men det er det fleire lange linjer og fleire samanhengar enn før.

I tillegg tilbyr vi ein gjennomgang av dei historiske periodane, så du får ei oversikt før du skal jobbe med det temabaserte innhaldet.

Emne

Dette er hovudemna du finn på vg3:

  • Kjelder, historiemedvit og medborgarskap

  • Historiske periodar

  • Naturressursar og berekraft

  • Demokrati, ideologiar og medborgarskap

  • Folk, flytting og handel

  • Krig og konfliktar

Det er fleire kjende stikkord under desse emna, som industrialisering, politiske ideologiar, kolonialisme og verdskrigane. Men du finn òg nye perspektiv, som korleis berekraft heng saman med utnytting av naturressursane, korleis ideologiar og politiske omveltingar har påverka demokratisk deltaking, og om myndiggjering og frigjering i Noreg og Sápmi. Når det gjeld krig og konfliktar, er det nytt i læreplanen at vi skal sjå på korleis ideologiar og tankesett på 1900-talet har bidrege til undertrykking og folkemord.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2023

Læringsressursar

Om faget