Hopp til innhald

Kjelder, historiemedvit og samanhengar

Kva for nokre utforskande metodar har vi i historiefaget, og kva for nokre ulike kjelder kan vi bruke? Du skal her få lære meir om kjelder og kjeldebruk, men òg om ulike historiske forklaringar, historiesyn og perspektiv.

Samanhengar og årsaker

I historiefaget skal du lære å sjå samanhengar mellom handlingar og hendingar i fortida, og du skal sjå at forskjellige årsaker kan ha bidrege til den historiske utviklinga på ulike område. Her får du ein introduksjon til korleis du kan lære å sjå samanhengar.