Hopp til innhald
Rettleiing

Om faget R2

Kva er nytt i det nye faget?

Kva skilnader er det mellom nye og gamle R2 på ndla.no?

Fagfornyinga set krav til at elevane skal drive med utforsking. Derfor har vi prøvd å lage teorisidene meir utforskande. Oppgåvene blir fleire og vil no finnast som nettsider. Begge desse tinga kan du lese meir om lenger ned på sida.

Differensiallikningane er ute av faget. I staden har det komme eit kompetansemål om rekursive samanhengar og programmering, og reelle datasett er inkluderte i to av kompetansemåla. Elles er hovudemna i faget dei same som før, men tilnærminga er noko endra.

Aktivitetar på teorisider

Matematikk R2 på NDLA blir eit heilt nytt fag. Vi legg vekt på at teorisidene skal vere aktiviserande og utforskande. Nokre av sidene våre kan vere utgangspunkt for gjennomgangen til læraren, men dei vil òg vere eigna for at elevane skal kunne jobbe med dei på eiga hand eller i grupper. Desse sidene vil innehalde spørsmål, interaktive element og andre ting elevane blir bedne om å gjere på sidene. Vi trur at det å aktivisere elevane i gjennomgangen av teorien aukar motivasjonen deira.

Løysingar er lett tilgjengelege

Løysingar på oppgåver og svar på spørsmål finst i klikkbare boksar både på teori- og oppgåvesider. Som i dei andre reviderte matematikkfaga ligg kvar løysing rett under kvar oppgåve. Elevane bør nok oppmodast til å vere uthaldande og jobbe så godt dei kan med å finne ut av oppgåvene før dei klikkar fram løysinga eller svaret. På sider med samleoppgåver vil alle løysingane liggje nedst.

Ny strukturering av stoffet

Vi har i alle nye fag frå og med hausten 2022 organisert sidene slik at oppgåvesidene ligg rett under den teorisida dei høyrer til, både i menyen og i emneinnhaldslista nedst. Det er slutt på at alle teorisider og oppgåvesider ligg samla kvar for seg. Eit døme på den nye organiseringa er vist nedanfor.

Det betyr at sidene ligg i den rekkefølga det er tenkt at dei skal brukast. Vi håper at dette grepet aukar brukarvennlegheita på sidene våre.

Oppgåvene no òg som nettsider

I det gamle R2-faget finst oppgåvene berre som Word- eller PDF-dokument. I det nye faget vil oppgåvene inkludert løysingar finnast som nettsider, men vi held oppe tilbodet med å ha dei oppgåvene som ikkje er interaktive, tilgjengelege i dokumentform (utan løysing).

CC BY-SA 4.0Skrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2023