Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Konvergens og divergens i uendelege geometriske rekker

Her får du jobbe med grunnleggande oppgåver om rekker som anten konvergerer eller divergerer.

1.1.40

Undersøk om dei geometriske rekkene under konvergerer eller divergerer. Dersom dei konvergerer: Finn summen dei konvergerer mot.

a) 1+13+19 + ...

Løysing

Vi finn k:

a2a1=131=13

Sidan vi har at -1<13<1, veit vi at rekka konvergerer. Vi finn summen:

S = a11-k= 11-13= 123=32

b) n=13·0,5n-1

Løysing

Vi les her ut av formelen at k=0,5. Vi har at -1<0,5<1, så dermed har vi ei konvergerande rekke. Vi finn summen:

S = a11-k= 31-0,5= 30,5= 6

c) n=10,5·3n-1

Løysing

Her les vi ut frå formelen at k=3. Vi har at k>1, altså har vi ei divergerande rekke. Vi kan ikkje finne nokon sum av den uendelege rekka.

d) n=10,5n-1·3

Løysing

Vi observerer at dette er den same rekka som i b), altså konvergerer ho, og summen er 6.

e) n=113n-1

Løysing

Vi har her ei geometrisk rekke med a1=1 og k=13.

Dette er den same rekka som i a), og summen er dermed 32.

f) n=113n

Løysing

Vi skriv om uttrykket for an:

an = 13n= 13·13n-1

Vi ser at vi har ei geometrisk rekke med a1=13 og k=13.

Vi har at -1<13<1, så rekka konvergerer.

Vi finn summen:

S = 131-13= 1323= 12

Her kan vi òg legge merke til at dette er det same som rekka i e) multiplisert med 13:

n=113n = n=113·13n-1= 13n=113n-1= 13·32= 12


g) 3-1+13-19 + ...

Løysing

Vi finn k:

a2a1=-13=-13

Vi har at -1<-13<1, så rekka konvergerer. Vi finn summen:

S = 31--13= 343= 94

h) n=115n-2

Løysing

Vi skriv om uttrykket for an:

an = 15n-2= 15-1·15n-1= 5-1-1·15n-1= 5·15n-1

Vi har dermed at -1<k<1, og vi kan finne summen:

S = a11-k= 51-15= 545= 254

1.1.41

Finn konvergensområdet til rekkene, og finn eit uttrykk for summen i kvart tilfelle.

a) 1+x+x2+x3 +...

Løysing

Vi finn først k:

k=a2a1=x1=x

Vi må ha at -1<k<1. Det betyr at konvergensområdet for rekka er -1<x<1.

Summen av rekka blir då

S = a11-k = 11-x

b) x-x2+x3-x4 +...

Løysing

Vi finn først k:

k=a2a1=-x2x=-x

Dette gir det same konvergensområdet som i a), altså -1<x<1. Vi finn summen:

S = a11-k= x1-(-x)= x1+x

c) 2+4x+8x2 +...

Løysing

k=a2a1=4x2=2x

Vi må løyse dobbeltulikskapen

-1<2x<1

Vi deler dobbeltulikskapen i to og løyser dei to enkle ulikskapane kvar for seg.

-1<2x2x<10<2x+12x-1<00<2+xx 2-xx<0                          

Venstre ulikskap:

Vi har to kritiske punkt, x=-2 og x=0. Vi undersøker kvar ulikskapen er oppfylt, ved å teste for x=-3, x=-1 og x=1.

2+(-3)-3 = -1-3>02+(-1)-1 = 1-1<02+11 = 31>0

Vi har at venstre ulikskap har løysinga

x, -20, 

Høgre ulikskap:

Vi har to kritiske punkt, x=2 og x=0. Vi undersøker for x=-1, x=1 og x=3:

2-(-1)-1 = 3-1<02-11 = 11>02-33 = -13<0

Vi har at høgre ulikskap har løysinga

x, 02, 

Vi må finne det området som oppfyller begge ulikskapane samtidig. Vi teiknar ein figur for å få oversikt:

Ei tallinje der punkta minus 2, 0 og 2 er teikna inn. Vi ser løysingsområdet for venstre ulikskap med raudt (mindre enn minus 2 og større enn 0) og løysingsområdet for høgre ulikskap med grønt (mindre enn 0 og større enn 2). Den blå linja markerer området som er felles, nemleg mindre enn minus 2 og større enn 2. Illustrasjon.

Dette gir oss konvergensområdet:

x, -22, 

Vi finn eit uttrykk for summen:

S = a11-k= 21-2x= 2xx-2

I GeoGebra kan vi løyse heile denne oppgåva med nokre få tastetrykk:

CAS i GeoGebra. Linje 1 løyser ulikskapen minus 1 mindre enn 2 delt på x mindre enn 1. Løysinga er gitt ved x mindre enn minus 2, x større enn 2. Linje 2 finn summen av rekka gitt ved 2 gongar parentes 2 delt på x parentes slutt opphøgd i parentes n minus 1 parentes slutt frå og med 1 til uendeleg. Svaret er gitt som 2 multiplisert med x delt på parentes x minus 2 parentes slutt. Skjermutklipp.

d) an = (2+x)n-1

Løysing

Vi startar med å finne k. Her kan vi lese han ut av formelen, vi har at k=(2+x).

Vi løyser dobbeltulikskapen:

-1<2+x<1-1-2<2+x-2<1-2-3<x<-1

Vi har altså at -3<x<-1 er konvergensområdet til rekka. Vi kan òg skrive det slik: x-3, -1.

Vi les ut av formelen at a1 = 1 og finn summen:

S = a11-k= 11-(2+x)= 1-1-x= -11+x

e) n=11-xn

Løysing

Vi les ut av formelen at k=1-x og løyser dobbeltulikskapen:

-1<1-x<1-1-1<1-x-1<1-1-2<-x<0

Vi deler opp i to ulikskapar:

-2<-x      -x<02>xx>0

Vi har at konvergensområdet er x0, 2.

For å finne a1 set vi inn n=1:

a1 = (1-x)1=1-x

S = 1-x1-(1-x)= 1-xx

1.1.42

Ta for deg rekkene i oppgåve 1.1.41, og finn ut om summen av kvar rekke kan bli 1 eller 4. Finn òg ut kva x må vere for at det skal kunne skje. Løys oppgåvene for hand og i CAS.

Løysing a)

For hand:

Vi set formelen vi fann for summen lik 1:

11-x = 11 = 1-xx = 0

Vi ser at vi får summen lik 1 dersom vi set x=0.

Vi gjer det same med 4:

11-x = 41 = 4( 1-x)1 = 4-4x4x = 3x = 34

Vi ser at vi får summen lik 4 dersom vi set x=34.

Når det gjeld løysing i CAS, kan vi anten bruke formelen for summen vi fann i 1.1.41 slik vi gjorde for hand, eller vi kan bruke den eksplisitte formelen for an. Vi viser begge variantane her:

CAS i GeoGebra. Linje 1 løyser likninga 1 delt på parentes 1 minus x parentes slutt er lik 1. Løysinga er gitt som x er lik 0. Linje 2 løyser likninga 1 delt på parentes 1 minus x parentes slutt er lik 4. Løysinga er gitt som x er lik 3 delt på 4. Linje tre løyser likninga summen av 1 multiplisert med x opphøgd i parentes n minus 1 parentes slutt er lik 1. Løysinga er gitt som x er lik 0. Linje 4 løyser likninga summen av 1 multiplisert med x opphøgd i parentes n minus 1 parentes slutt er lik 4. Løysinga er gitt som x er lik 3 delt på 4. Skjermutklipp.
Løysing b)

For hand:

x1+x = 1x = 1+x0x = 1

Her ser vi at vi ikkje har noka løysing på likninga, altså kan ikkje summen bli 1.

x1+x = 4x = 4(1+x)x = 4+4x3x = -4x =-43

Her finn vi ei løysing på likninga, men vi ser at ho ligg utanfor konvergensområdet, og derfor kan summen heller ikkje bli 4.

Vi løyser i CAS, her viser vi berre løysinga med summeformel:

CAS i GeoGebra. Linje 1 løyser likninga summen av rekka x multiplisert med minus x opphøgd i parentes n minus 1 parentes slutt frå 1 til uendeleg lik 1. Svaret er gitt som den tomme mengda. Linje 2 løyser likninga summen av rekka x multiplisert med minus x opphøgd i parentes n minus 1 parentes slutt frå 1 til uendeleg lik 4. Svaret er gitt som x lik minus 4 delt på 3. Skjermutklipp.

Legg merke til at GeoGebra gir deg eit svar på likninga sjølv om denne summen ikkje finst! Sannsynlegvis finn GeoGebra formelen for summen først, slik vi har gjort, og løyser likninga med han utan å kunne ta med seg konvergensintervallet.

Løysing c)

I resten av desse oppgåvene viser vi berre løysing for hand. Sjå på dei to tidlegare oppgåvene dersom du ikkje hugsar korleis du skal løyse i CAS.

2xx-2 = 12x = x-2x = -2

Vi ser at x=-2 er utanfor konvergensintervallet, og summen kan ikkje bli 1.

2xx-2 = 42x = 4(x-2)2x = 4x-82x = 8x = 4

Denne løysinga er innanfor konvergensintervallet. Det betyr at summen S = 4 når x = 4.

Løysing d)

-11+x = 1-1 = 1+xx = -2

Denne løysinga er innanfor konvergensintervallet, så summen blir 1 når x=-2.

-11+x = 4-1 = 4(1+x)-1 = 4+4x4x = -5x =-54=-54

Denne løysinga er òg innanfor konvergensintervallet, så summen blir 4 når x=-54.

Løysing e)

1-xx = 11-x = x2x =1x = 12

1-xx = 41-x = 4x5x =1x =15


Vi ser at begge løysingane ligg innanfor konvergensområdet, og vi har at S=1 når x= 12 og S=4 når x=15.

1.1.43

Ta for deg rekkene i oppgåve 1.1.41 a) og c). Avgjer kva som er den største og den minste summen rekka kan konvergere mot.

Løysing a)

Vi har at summen av rekka er gitt ved Sx=11-x, og at konvergensområdet er -1<x<1. Vi må finne eventuelle topp- og botnpunkt innanfor konvergensområdet til rekka.

Vi deriverer funksjonen i CAS:

CAS i GeoGebra. På linje 1 står det S av x kolon er lik minus 1 delt på parentes x minus 1 parentes slutt. Linje 2 deriverer funksjonen, og svaret er gitt ved 1 delt på parentes x minus 1 parentes slutt opphøgd i 2. Skjermutklipp.

Vi legg merke til at den deriverte alltid er positiv. Det vil seie at funksjonen er strengt veksande i heile konvergensintervallet. Vi kan ikkje finne ein bestemd høgaste verdi og lågaste verdi fordi summen ikkje er definert i ytterpunkta i intervallet, men vi kan finne grenseverdiane til summen.

Den lågaste verdien finn vi ved å la x-1+:

limx-1+Sx=11-(-1)=12

Den høgaste verdien finn vi ved å la x1-:

limx1-11-x=10

Vi ser at vi får 0 i nemnaren, men ikkje i teljaren. Det vil seie at uttrykket ikkje har nokon grenseverdi, men vil gå mot uendeleg.

Vi ser at nedre grenseverdi for summen av rekka er 12, mens summen ikkje har nokon øvre grenseverdi.

Det kan vere lurt (men ikkje nødvendig!) å kikke på grafen til funksjonen for å få betre oversikt:

Grafen til funksjonen S av x er lik 1 delt på parentes 1 minus x parentes slutt i intervallet minus 1 til 1. X-verdiane går frå minus 1 til 3,5, og y-verdiane går frå 0 til 8. Grafen stig svakt frå x er lik minus 1 og stig svært bratt frå punktet med koordinatar 0,5 og 2. Skjermutklipp.

Vi ser at det vi fann ved rekning, stemmer bra med biletet av grafen.


Løysing c)

Vi har at summen er gitt ved Sx=2xx-2, og at konvergensområdet er gitt ved x, -22, .

Igjen startar vi med å derivere for å undersøke monotonieigenskapane til funksjonen:

CAS i GeoGebra. På linje 1 står det S av x kolon er lik 2 x delt på parentes x minus 2 parentes slutt. Linje 2 løyser ulikskapen Derivert av S mindre enn 0. Svaret er gitt som x mindre enn 2, x større enn 2. Skjermutklipp.

Vi legg merke til at den deriverte er negativ i heile konvergensområdet, det vil seie at vi må leite etter den høgaste verdien der x- og der x2+. Den lågaste verdien kan vi finne anten der x-2- eller der x.

Vi finn desse grenseverdiane:

limx±2xx-2=limx±2xxxx-2x=limx±21-2x=2 

limx2+2xx-2=2·22-2=40 

limx-2-2xx-2=2·(-2)-2-2=-4-4=1 

Vi har altså at den nedre grenseverdien til summen av rekka er 1, og det eksisterer ikkje ein øvre grenseverdi. Vi legg òg merke til at summen ikkje kan bli 2.

Eit tips her òg er å teikne grafen dersom du vil ha betre oversikt.

CC BY-SASkrive av Tove Annette Holter.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2022

Læringsressursar

Grunnleggjande om følger og rekker