Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nettverk og nettverkssamarbeid

Kven inngår i det personlege nettverket ditt? Det er nyttig å ha eit profesjonelt nettverk òg. Kva inneber det, og korleis kan du byggje eit slikt nettverk?
Mange personar ligg på ein grasplen og held kvarandre i hender og føter for å illustrere eit nettverk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Forklar orda nettverk og nettverkssamarbeid. Gi døme.

  2. Forklar korleis å byggje nettverk kan bidra til fagleg og profesjonell utvikling.

  3. Det finst mange måtar å byggje nettverk på. Gjer greie for ulike måtar.

  4. Lag ei liste med overskrifta "10 tips for å byggje nettverk".

  5. Drøft påstandane:

  • "Det er viktigare enn nokon gong at bedrifter investerer tid og pengar i nettverksbygging."

  • "Eit godt nettverk er avgjerande for at gründerar skal lykkast."

  • "Å bli ein god nettverksbyggjar kan lærast."

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2022

Læringsressursar

Nettverk og nettverkssamarbeid