Jenny Skavlan – nettverk og nettverkssamarbeid
Bli litt betre kjent med Jenny Skavlan sine ulike jobbroller ved å sjå på filmane, lese informasjonen nedanfor og ta notat, før du begynner på oppgåvene.
Kva kjenneteiknar Jenny Skavlan som influensar?
Kva plattformer nyttar ho? Kor mange følgarar har ho på dei ulike plattformene?
Kven er målgruppa?
Kva verdiar ønskjer ho å formidle?
Kva verkemiddel nyttar ho i formidlinga si?
På kva måte trur du nettverk er viktig for influensaren Jenny Skavlan?
Kjenner du til skodespelarkarrieren til Jenny Skavlan? Forklar kva betydning du trur skodespelarkarrieren har hatt for ho som influensar.
Forklar betydninga av nettverkssamarbeid for korleis Jenny Skavlan er involvert i bedriftene Fæbrik og Tise.
Fleire merkevarer ønsker å samarbeide med Jenny Skavlan. Drøft fordelar slike samarbeid kan ha både for Jenny Skavlan og for merkevarene.
Korleis trur du nettverket til Jenny Skavlan har bidrege til den profesjonelle utviklinga hennar som programleiar og konferansier?
Korleis trur du Jenny Skavlan bidreg til fagleg utvikling for personar i nettverket hennar?
Drøft påstandane:
"Nettverk og nettverkssamarbeid er like viktig i alle dei ulike rollene Jenny Skavlan har."
"Jo fleire samarbeid Jenny Skavlan inngår med ulike merke, jo betre."
"Jenny Skavlan er influensar. Å fokusere på nettverksaktivitetar er like viktig for alle influensarar."
"Eit godt nettverk blir kjenneteikna ved mange følgarar på sosiale medium."
Jenny Skavlan er for mange kjent som influensar. Ho er òg gründer, designar, berekraftforkjempar, sy-entusiast, modell, skodespelar, programleiar og forfattar. Nedanfor kan du mellom anna bli litt kjent med nettverksarbeidet i to av bedriftene ho er involvert i, og nokre merkesamarbeid.
Fæbrik
Aksjeselskapet Fæbrik består av dei fire sy-entusiastane Jenny Skavlan, Ingrid Bergtun, Mari Nordén og Ingrid Lysne. I eit intervju har dei fire Fæbrik-jentene uttalt følgande om nettverkssamarbeidet knytt til det å starte Fæbrik:
Vi har alle jobbet intenst på hver vår kant med det samme brennende engasjementet, og kjente hvor fantastisk inspirerende, gøy og kraftfullt det var når vi slo oss sammen. Plutselig var vi flere hoder og hender som gjorde at vi fikk profesjonalisert oss og fikk kapasitet til å utvide det vi driver med til flere arenaer. Forretningsmulighetene blir mye flere, og det er ufattelig gøy på veien.
Tise
Tise er ein nettstad og ein app der du kan kjøpe og selje brukte klede, sko, vesker, smykke, klokker, kunst og diverse interiør. I NDLA sin film nedanfor (lengde 7 min) får du eit innblikk i ulike nettverksaktivitetar i bedrifta Tise.
Merkesamarbeid
Jenny Skavlan har inngått samarbeid med fleire merkevarer, mellom anna klesmerket Pierre Robert og Timberland. Nedanfor kan du sjå ein reklamefilm frå David Andersen (lengde 1 min) der Jenny er med.
Merkevara Timberland ønskte òg eit samarbeid med Jenny Skavlan, og i filmen under (lengde 3 min) kan du vere med ein dag i Jenny Skavlan sine sko, der ho mellom anna held ein redesign-verkstad med Timberland-sko.