Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein digital CV

I denne oppgåva lærer du å lage ein digital CV som du kan bruke i ditt personlege læringsnettverk.
CV på skjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

LinkedIn er eit sosialt nettverk som har mange fellestrekk med tradisjonelle sosiale nettverk, men det blir i hovudsak brukt til å samle forretningskontaktar. LinkedIn har også blitt ein stor aktør innan rekruttering, og inneheld mange jobbutlysingar.

På LinkedIn kan du opprette din eigen profil og din eigen CV. CV-en kan du leggje ved når du søkjer på jobbar seinare. Det kan også vere at nokon i nettverket ditt leitar etter nettopp din kompetanse. På den måten kan LinkedIn vere eit bidrag til ditt personlege læringsnettverk.

Oppgåver:
1. Opprett ein konto på LinkedIn.
2. Legg inn heile klassen din som kontaktar.

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2021

Læringsressursar

Nettverk og nettverkssamarbeid