Skap et personlig læringsnettverk - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Skap et personlig læringsnettverk

I denne oppgåva lærer du å byggje eit personleg læringsnettverk (PLN).

Det finst mange måtar å byggje eit personleg læringsnettverk på. Eitt alternativ kan vere å bruke Twitter. Her er mange menneske frå ulike fagmiljø representerte.

For å bruke Twitter må du ha ein brukarkonto. Når kontoen er oppretta, kan du begynne å følgje personar. For å finne personar innan din eigen bransje kan du begynne med å søkje på fagspesifikke omgrep (for eksempel IKT, IKT-servicefag osv.). På denne måten vil du finne samtalar der desse omgrepa er i bruk. Deretter kan du sjå om det er nokon du ønskjer å følgje. Ofte merkjer ein desse omgrepa med såkalla hashtags, på norsk også kalla emneknaggar (for eksempel #ikt). Klikk her for å få hjelp og innføring i Twitter.

På Twitter er det lurt å følgje personar du deler interesser og fagfelt med. Du kan også lage lister over spesifikke grupper med personar (for eksempel lærarar, IT-ansvarlege, designarar osv.).

Oppgåver:
1. Opprett ein konto på Twitter.
2. Finn interessante personar, og følg dei.
3. Kommuniser med andre i klassen ved å bruke ulike hashtags (emneknaggar).

Skrive av Jan Frode Lindsø.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2018