Samarbeid med andre - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Samarbeid med andre

Aktørane i reiselivsnæringa samarbeider på mange ulike måtar for å skape eit best mogleg reiselivsprodukt og for å oppnå god lønnsemd. Kva samarbeidsformer kan vere aktuelle for verksemda di?

Samarbeid for eit godt resultat

Samarbeid i reiselivsnæringa kan vere samarbeid med andre i same bransjen, til dømes overnattingsbedrifter som samarbeider. Det kan vere på tvers av bransjar – til dømes eit cruiseselskap som samarbeider med busselskap, guidebyrå, hotell og så vidare.

Innkjøpssamarbeid

Gjennom å samarbeide med andre i same bransjen kan vi oppnå lågare prisar ved innkjøp av varer og tenester. Er fleire med, har vi eit betre grunnlag for å forhandle om pris og levering.

NHO Reiseliv tilbyr til dømes Innkjøpskjeden til medlemmene sine. Det er ein innkjøpsorganisasjon for frittståande bedrifter i overnattings- og serveringsnæringa. Rundt 1800 bedrifter deltek i ordninga. Det gir gode høve for å forhandle om prisar og så vidare.

Døme på samarbeid i transport

Rutenettet til NOR-WAY Bussekspress AS blir operert av 15 ulike busselskap. NOR-WAY Bussekspress AS er eit marknadsføringsselskap for ekspressrutene til dei ulike eigarselskapa, og skal drive riksdekkjande marknadsføring og merkevarebygging og sørgje for informasjon og sal til publikum via Internett.

Integrasjon

Integrasjon vil seie samanslutning av fleire einingar til ei større eining – fleire bedrifter går inn i eit nært samarbeid.

Integrasjonen kan vere vertikal eller horisontal. Vi kallar det vertikal integrasjon når bedrifter på ulike nivå slår seg saman. Horisontal integrasjon vil seie at bedrifter på same nivå slår seg saman.

Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 21.01.2019