Hopp til innhald

Fagstoff

Personlege og profesjonelle læringsnettverk

For å setje læringa og kunnskapsutviklinga di i system kan du byggje deg ditt eige digitale personlege læringsnettverk.
Nettverk av mennesker som kommuniserer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan skilje mellom formell og uformell læring. Formell læring er systematisk læring som blir avslutta med ei evaluering, medan læring som ikkje har noka evaluering, blir kalla uformell. Skule og kurs er dei vanlegaste eksempla på formell læring, medan det du lærer på eiga hand, ved for eksempel å lese, delta på seminar, jobbe saman med andre, løyse nye problem, osb., er uformell læring.

Det meste av læringa i ein arbeidssituasjon er uformell. Men sjølv om uformell læring ikkje følgjer nokon bestemd plan eller har nokon eksamen, er det framleis mogleg å setje ho i system. Ein måte å gjere det på er å organisere eit digitalt personleg læringsnettverk (PLN).

Når vi seier digitalt nettverk i denne samanhengen, meiner vi ikkje eit vanleg datanettverk. Det er dei menneska du kommuniserer med på Internett, og dei ressursane du bruker for å halde deg oppdatert, lære og utvikle deg, som er det digitale personlege læringsnettverket ditt. Sosiale medium og nettbaserte Web 2.0-verktøy gir nesten uavgrensa moglegheiter for å hente inn informasjon, kommunisere og lære.

I nokre samanhengar bruker vi også forkortinga PLN om profesjonelt læringsnettverk. Eit profesjonelt læringsnettverk er eit nettverk for personar innanfor eit bestemt fagfelt eller ei bestemd yrkesgruppe. Ei verksemd kan organisere eit profesjonelt læringsnettverk for dei tilsette.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Nettverk og nettverkssamarbeid