Nettverk - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Nettverk

Å ha gode relasjonar til menneske som på ulike måtar kan hjelpe deg vidare, anten privat eller i jobb, blir stadig viktigare. Når du skal søkje jobb, er det gull verd å kjenne nokon som kan tilrå deg til arbeidsgivarar, eller setje deg i kontakt med viktige personar.

Det finst mange måtar å byggje nettverk på. Du kan skape nettverk via sosiale medium, eller du kan skape nettverk via arbeidsplassen, kollegaer, på kurs og møte. Det hjelper alltid å kjenne nokon som kjenner nokon, og når du tenkjer deg om, har du kanskje eit stort nettverk allereie.

LinkedIn

I jobbsamanheng er det lurt å byrje med å lage ein god profil på LinkedIn. LinkedIn er arbeidslivet sitt svar på Facebook, og det blir stadig meir vanleg å bruke. LinkedIn blir brukt av arbeidsgivarar til å finne kandidatar til stillingar, anten ved at dei lyser ut stillingar eller ved at dei søkjer blant cv-ane som er lagde ut.

LinkedIn blir òg brukt som eit sosialt medium der du kan styrkje profesjonelle relasjonar. LinkedIn seier om seg sjølv at

LinkedIn er verdens største profesjonelle nettverk på Internett. Du kan bruke LinkedIn til å finne riktig jobb eller internship, koble til og styrke profesjonelle relasjoner, og lære ferdighetene du trenger for å lykkes i karrieren din.


Hald kontakten

Det er tidkrevjande å byggje nettverk, og det er like viktig å halde kontakten med dei etablerte kontaktane dine som å etablere nye kontaktar. Du kan vise interesse for arbeidsfeltet ditt ved å dele relevante artiklar, stillingsutlysingar, eventar og arrangement med nettverket ditt. Kanskje du hjelper andre til å finne ein jobb? Bidra med det du kan, det kan du få igjen for.

Du er god

Framhev det du er god på! Eit stort nettverk med mange menneske som ikkje veit kva du er god til, er ikkje særleg hjelpsamt. Ingen er gode til alt, men alle er gode til noko. Vis fram kompetansen din og erfaringane dine. På den måten kan nettverket ditt vise seg nyttig, både for deg personleg og for potensielle arbeidsgivarar.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Nettverk

Viss du begynner å tenkje etter kor mange du kjenner som kjenner nokon som kjenner nokon, får du plutseleg eit ganske stort nettverk!

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021