Fattig student som marknadsfører - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Filmklipp

Fattig student som marknadsfører

Influenseren Karen Elene Thorsen er kjend som Fattig student. Ho jobbar med marknadsføring via sosiale medium, har skrive ei bestseljande bok og har ein app ved namn Sulten. Sjå filmen og bli betre kjend med Karen Elene Thorsen som marknadsførar.

I filmen nedanfor får vi eit innblikk både i korleis influensaren Karen Elene Thorsen, kjend som Fattig student, jobbar med marknadsføring via sosiale medium, og i arbeidet hennar med appen Sulten.

Karen Elene Thorsen fortel òg om kvifor ho starta Instagram-kontoen "fattig.student", og på kva måte det å finne løysingar for å kaste mindre mat er godt for både miljøet og lommeboka.

Video: Cylinder Production AS / CC BY 4.0

Tenk over

  • Kva trur du har vore viktige suksessfaktorar for Karen Elene Thorsen i arbeidet hennar med Instagram-kontoen "fattig.student", boka hennar ved namn Fattig student og appen Sulten?
  • Kva er grunnverdiane i det arbeidet Karen Elene Thorsen gjer?
  • Blir du inspirert av det arbeidet Karen Elene Thorsen gjer som influensar?
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021