Bruk av konkurransemiddel hos Adams Matkasse
I videoen nedanfor kan du høyre Adam Bjerck og Lasse Smedsvig fortelje om etableringa av Adams Matkasse.
Nettstad: https://adamsmatkasse.no/
Ta utgangpunkt i minst tre av punkta nedanfor og utforsk korleis Adams Matkasse kombinerer ulike konkurransemiddel. Samarbeid gjerne med medelevar i grupper på 2–4 personar.
Utforsk produkt- og merkevarestrategien til Adams Matkasse og vurder korleis dei bruker produkt som konkurransemiddel.
Utforsk distribusjonsstrategien til Adams Matkasse og vurder korleis dei bruker distribusjon som konkurransemiddel.
Utforsk prisstrategien og prissetjingsmetoden til Adams Matkasse og vurder korleis dei bruker pris som konkurransemiddel.
Utforsk kommunikasjonsstrategien til Adams Matkasse og vurder korleis dei bruker marknadskommunikasjon som konkurransemiddel.
Utforsk og vurder korleis Adams Matkasse kombinerer ulike konkurransemiddel.
Reflekter over og vurder rolla til personalet og leiinga i Adams Matkasse.
Presenter for klassen eller for éi eller fleire av dei andre gruppene i klassen.