Produkt - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Produkt

Produktet blir ofte sett på som det viktigaste konkurransemiddelet. Utan eit produkt har vi heilt enkelt ikkje noko å marknadsføre. Produkt kan vere alt frå konkrete varer til immaterielle tenester og idéar. Det produkt har til felles, er at dei blir tilbodne i ein marknad for å dekke eit behov.

Produktet – ein viktig del av marknadsmiksen

Produkt skal dekke behov, dei skal tilpassast og vidareutviklast, og dei skal vere lønnsame og aktuelle. Dette krev at vi som marknadsførarar har ein strategi for korleis produktet kan få ein posisjon i marknaden og gi inntening. Sjølv om produktet ofte blir sett på som det viktigaste konkurransemiddelet i marknadsmiksen, må det likevel alltid gå hand i hand med dei andre konkurransemidla.

Kva er eigentleg eit produkt?

Vi kan definere eit produkt som "alt som kan tilbydast ein marknad for merksemd, eige, bruk eller forbruk, og som kan tilfredsstille eit ønske eller eit behov". Eit produkt kan ut frå denne definisjonen vere ei konkret vare som bil, olabukse og mjølk, men det kan òg vere ei teneste, som til dømes ein treningstime på eit treningssenter, ei flyreise eller ein time hos psykolog. Idear, arrangement, opplevingar, stader, organisasjonar, informasjon og menneske kan òg marknadsførast som produkt.

Produktnivå

For å få ei meir nyansert forståing av kva eit produkt er, er det formålstenleg å skilje mellom ulike produktnivå.

Vi deler inn i

  • kjerneproduktet (behovet som blir dekt når du kjøper eit produkt)

  • det konkrete produktet (det faktiske produktet du kjøper for å dekke eit behov)

  • det forventa produktet (tilleggsverdiane som blir forventa å følge med på kjøpet av eit produkt)

  • det utvida produktet (tilleggsytingar som kan følge med kjøpet utover det kjøparane forventar)

  • det potensielle produktet (moglege tilleggsytingar, endringar og utvidingar som produktet kan vidareutvikle i framtida)

Produktsortiment

Med eit produktsortiment meiner vi det samla talet produktgrupper og produktvariantar ein seljar tilbyr i ein marknad. Dei produkta ein klesbutikk tilbyr, blir kalla sortimentet til butikken.

Vi bruker omgrepet sortimentsbreidde når vi snakkar om kor mange ulike produktgrupper ei verksemd tilbyr. Med sortimentsdjupn meiner vi kor mange ulike produkt eller variantar av produkt som finst innanfor ei og same produktgruppe.

Produktutvikling

Produktutvikling er ein prosess som går føre seg i perioden frå ein idé oppstår og fram til produktet blir lansert på marknaden. Det er viktig for verksemder å respondere på behov i marknaden og ta strategiske val knytte til produktutvikling.

Livsløpet til produktet

Alle produkt og tenester har ei viss levetid på marknaden og går gjennom eit livsløp. Etter at eit produkt er utvikla og lansert, går eit produkt gjennom dei fire fasane introduksjon, vekst, modning og tilbakegang. Nokre produkt kan ha eit langt liv, mens andre kan ha eit kort liv før dei forsvinn og blir erstatta av nye produkt. I den interaktive modellen nedanfor finn du meir informasjon om dei ulike fasane i livsløpet til produktet.

Merkevarebygging

Når eit produkt får verdi og tilleggsfordelar i kraft av sjølve merket, kallar vi det ei merkevare. Til dømes er bilmerket Volvo assosiert med verdien sikkerheit. For bilmerket Jaguar er status ein tilleggsfordel.

Ei merkevare blir ikkje til av seg sjølv, men er eit resultat av ein prosess over tid. Når vi strategisk bygger merke slik at dei blir tillagde verdi, får tilleggsfordelar og kjennskapen til dei aukar, kallar vi det merkevarebygging.

Dei fleste verksemder har eit mål om å styrke merkevara si. Merkevarebygging gir fleire konkurransefordelar, som til dømes at merkevara kan prisast høgare. Dette gir betre moglegheiter for vidare vekst og utvikling av verksemda.

Gjenkjøp og lojalitet er òg ein positiv effekt av vellykka merkevarebygging. Ei sterk merkevare kan gi større makt over distributørar og dermed ein fordel i kampen om hylleplass i butikkane.
God merkevarebygging gir sterkare merkevarer. Sterke merkevarer bidreg til meir effektiv og forenkla marknadskommunikasjon.

Eit produkt er ikkje noko ein berre har, noko som lever sitt eige liv til det blir teke bort frå marknaden. Tvert om: Eit produkt må skapast og jobbast med heile tida. Det skal dekke behov, det skal tilpassast og vidareutviklast, og det skal vere lønnsamt og aktuelt. Alt dette krev at vi som marknadsførarar har ein strategi for korleis produktet kan få ein posisjon i marknaden og gi inntening.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2024