Alias-oppgåve
Alias er eit spel som går ut på å forklare ord til medspelaren på same lag utan å bruke sjølve ordet. I originalversjonen skal ein til dømes forklare ordet BUSS, og då kan ein seie: kollektivt køyretøy som fraktar personar, motorisert, stoppar på haldeplassar, og så vidare.
Her skal elevane forklare fagomgrep utan å bruke sjølve ordet.
Klassa blir delt inn i grupper på fire, som igjen blir delte inn i to par. Då er to og to på lag og speler mot det andre paret i firargruppa. Gruppa får delt ut fagomgrepa. Kvart lag får eitt minutt per tur til å forklare fagomgrepa for kvarandre. Dei to som ikkje er på det aktive laget, passar tida. Laget gjettar så mange ord som mogleg på eitt minutt og får eitt poeng for kvart ord dei gjettar riktig. Laga speler annankvar gong heilt til alle lappane er brukte opp. Det laget som har flest riktige, er vinnaren innanfor firargruppa.
Forklar omgrepa
- konkurransemiddel
- marknadsmiks
- produkt
- distribusjon
- pris
- marknadskommunikasjon
- personale
- produktsortiment
- produktutvikling
- merkevare
- service
- konkurransebasert prissetjing
- kostnadsbasert prissetjing
- verdibasert/marknadsbasert prissetjing
- psykologisk prissetjing
- indirekte distribusjon
- intensiv distribusjon
- eksklusiv distribusjon
- marknadsdel
- intern marknadsføring
- ekstern marknadsføring
- interaktiv marknadsføring
- detaljist
- grossist
- massekommunikasjon
- kommunikasjonskanal
- reklame
- sosiale medium
- mediemiks