Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Situasjonsanalyse av Varner

I denne oppgåva skal de, med utgangspunkt i Varner og i ei av kjedene eller eit av konsepta til Varner, jobbe med situasjonsanalyse. Samarbeid gjerne med medelevar i grupper på to til fire.
Frank Varner utanfor butikken sin på Grünerløkka i Oslo. Han er kledd i rutete dressbukse, rutete skjorte og slips med slipsnål. Han held dressjakka i høgre hand over skuldra. Håret hans er finkjemma bakover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsinformasjon om Varner

Frank Varner opna den første butikken sin i Thorvald Meyersgate på Grünerløkka i Oslo i 1962. Butikken heitte "Frank Varner" og blei ein stor suksess. Tre år seinare opna nok ein butikk i Oslo og éin i Trondheim.

I 1967 blei namnet Dressmann lansert i samband med ei ny butikkopning i Skippergata i Oslo. Sidan den gong har dei opna mange Dressmann-butikkar.

Skjorter og andre klede heng utstilt i ein Dressmann-butikk. Det er òg plakatar rundt omkring i lokalet, og stativa har prisplakatar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nye kjeder og konsept

På 1980-talet blei Cubus og Carlings ein del av Varner.

Interiør og klede i klesbutikken Carlings. Det er òg plakatar rundt omkring i lokalet, og klesstativa har prisplakat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 1991 blei selskapet Bik Bok kjøpt opp. I 2001 gjekk konsernet inn i ein ny marknad gjennom oppkjøpet av Urban, ein livsstilsbutikk med røter i skate- og snøbrettmiljøet.

Kasseområdet til klesbutikken Urban på eit kjøpesenter. Logoen til kjeda Urban er laga med lysande bokstavar og heng på veggen bak kassa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 2002 blei Junkyard etablert, og i 2006 blei kjedene WOW og Volt etablerte. Samtidig med etableringa av nye kjeder og butikkar blir Varner stadig meir internasjonal. Varner er eit av Nord-Europas største motekonsern og har butikkar fordelte på seks land: Noreg, Sverige, Finland, Danmark, Island og Tyskland.

På nettsida til Varner kan du lese meir om Varner sine kjeder og konsept.

Oppgåve

  1. Gjennomfør ein situasjonsanalyse av Varner. Analyser interne styrkar og svakheiter og eksterne moglegheiter og truslar. Ta omsyn til alle naudsynte føresetnader. Skriv ei oppsummering av analysen, og kom med gjerne med tilrådingar til Varner.

  2. Vel ut ei av kjedene eller eit av konsepta til Varner og gjennomfør ein situasjonsanalyse. Analysar interne styrkar og svakheiter og eksterne moglegheiter og truslar. Ta omsyn til alle naudsynte føresetnader. Skriv ei oppsummering av analysen og kom med gjerne med tilrådingar.

Kjelde

Varner. (u.å.). Om oss. https://varner.com/no/about-us/

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2021

Læringsressursar

Situasjonsanalyse