Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis blir ein situasjonsanalyse gjennomført?

I denne oppgåva skal du forklare kva som blir meint med ein situasjonsanalyse, og du skal gjennomføre ein situasjonsanalyse for skulen din og for ei valfri verksemd.
Tilsette lagar ei oversikt med klistrelappar på ei tavle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Kva er ein situasjonsanalyse? Forklar omgrepet med eigne ord.

  2. Kva er eit arbeidsvilkår? Forklar omgrepet med eigne ord.

  3. Forklar kva som blir meint med interne arbeidsvilkår.

  4. Forklar kva som blir meint med eksterne arbeidsvilkår.

  5. Gjennomfør ein situasjonsanalyse, òg kalla ein SWOT-analyse, for skulen din. Jobb gjerne fleire saman, og presenter situasjonsanalysen for klassa.

  6. Gjennomfør ein situasjonsanalyse for ei valfri verksemd. Vel helst ei verksemd du har god kjennskap til. Jobb gjerne fleire saman, og presenter situasjonsanalysen for klassa.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2021

Læringsressursar

Situasjonsanalyse