Hopp til innhald

Fagstoff

Situasjonsanalyse i praksis

Korleis kan vi analysere styrkane, svakheitene, moglegheitene og truslane for ei verksemd?

Når du skal gjennomføre situasjonsanalysar, vil du kanskje oppleve at det å setje grenser mellom interne og eksterne arbeidsvilkår ikkje alltid er like lett. Du må òg ofte ta eigne føresetnader for å kome vidare i analysen.

Det er til dømes ikkje lett å seie noko om styrkane for ei verksemd om du ikkje veit kven du skal samanlikne med. Sjølv om styrkar og svakheiter blir oppfatta som interne arbeidsvilkår, treng du å vite noko om konkurrentane, som er ein del av dei eksterne arbeidsvilkåra, for å kunne analysere.

I det praktiske arbeidet med situasjonsanalysen vil verksemda prøve å velje ut nokre styrkar og svakheiter ho vil jobbe med internt, og nokre moglegheiter og truslar ho vil rette seg etter til eksternt. Først då blir talet på arbeidsområde realistisk og handterleg. Ein annan viktig føresetnad er sjølvsagd at verksemda klarer å prioritere det som faktisk er viktigast.

Døme på ein situasjonsanalyse

Nedanfor kan du sjå eit døme på ein situasjonsanalyse av Apple. Situasjonsanalysen tek for seg nokre analysemoment knytte til styrkar, svakheiter, moglegheiter og truslar.

Styrkar

Svakheiter

  • Apple har svært høg merkekjennskap og merkeverdi. Ifølgje Forbes' liste over dei mest verdifulle merkevarene er Apple det mest verdifulle merket i 2020

  • Designet er særprega og ikonisk.

  • Økonomien er svært god.

  • Produktporteføljen er stor og inkluderer mellom anna iPhone, Mac, Apple TV, iPad, Apple Watch, nettskytenesta iCloud og strøymetenesta Apple TV+.

  • Dei har mange lojale kundar.

  • Dei er gode på kontinuerleg produktutvikling.

  • Apple jobbar strategisk for å rekruttere engasjerte menneske som er opptekne av innovasjon og å tenkje utanfor boksen.

  • Dei har eigne, eksklusive Apple-butikkar og utsal på nett.

  • Resirkuleringsroboten Liam blir nytta til gjenbruk av delar.

  • Produkta er brukarvennlege.

  • Produkta er ofte vanskelege å kople opp mot teknologiske einingar frå andre merke.

  • Skjermen på iPhone og iPad kan lett knuse.

  • Designet på dei ulike telefonmodellane varierer ikkje så mykje.

  • Dei har høge prisar.

  • Berre ein liten del av det som er inne i ein iPhone, stammar frå gjenvinningsmateriale.

  • Mykje av innteninga avheng av å halde iPhone-salet oppe.

  • Ein selektiv distribusjonsstrategi kan avgrense marknaden.

  • Apple har blitt skulda for fleire lovbrot og har vore i fleire rettssaker. I 2021 blei Apple pålagd å betale 2,6 milliardar kroner for å ha brote patentrettar.

Moglegheiter

Truslar

  • Det er stor etterspurnad etter teknologiske produkt på marknaden.

  • Kundar som kjøper Apple-produkt, vil mest sannsynleg halde fram med å kjøpe Apple-produkt – ei undersøking viser at heile 92 prosent av iPhone-brukarar vil halde fram med å kjøpe iPhone når dei skal byte telefon.

  • Apple får ofte mykje medieomtale ved lansering av nye produkt.

  • Det er vekstmoglegheiter innan grøn teknologi og berekraftig utvikling.

  • Mange forventar at ei stor verksemd som Apple tek samfunnsansvar.

  • Det er ei utvikling innan robotisering og kunstig intelligens.

  • Apple har konkurrerande verksemder som satsar på smarttelefonar med Android OS, som til dømes Samsung og Huawei.

  • Apple har andre konkurrerande verksemder, som til dømes Google, Dell, Microsoft og HP.

  • Falske, piratkopierte Apple-produkt kan vere ein trussel.

  • Hackarar kan vere ein trussel.

  • Preferansane til kundar innan mobiltelefoni kan endrast.

  • Negativ medieomtale kan vere ein trussel – Apple har fått negative medieoppslag ved fleire høve.

  • Pressgrupper kritiserer Apple for mellom anna arbeidsforholda hos underleverandørar i lågkostland og for gruvedrift for å vinne ut mineral som blir brukte i mobiltelefonar.

Tenk over

Er det nokre analysemoment du vil leggje til i dømet ovanfor, situasjonsanalysen av Apple? I så fall kva?

Korleis vil du samanfatte analysen ovanfor, og er det nokon tilrådingar du ville ha gitt til Apple? I så fall kva?

Situasjonsanalyse – SWOT-analyse

Det finst fleire nemningar for situasjonsanalyse, mellom anna SWOT-analyse. På 1960-talet blei eit rammeverk som blei kalla SWOT-analyse, lansert ved Harvard Business School. Bokstavane stod ganske enkelt for dei fire engelske orda "Strengths, Weaknesses, Opportunities, Threats".

Det hadde ikkje vore like lett å uttale orda dersom vi skulle sett saman første bokstav i kvart av dei norske orda: SSMT. Rammeverket blir derfor ofte kalla for SWOT-analyse, også på norsk.

Biletet er delt i fire for å illustrere styrkar, svakheiter, moglegheiter og truslar. Bokstavane S, W, O og T er på kvart av dei fire bileta ut frå dei engelske orda strenghts, weaknesses, opportunities og threats i SWOT-analysen. Øvst til venstre er eit bilete som illustrerer styrke ved at ein leiar dreg eit hus som blir løft opp av mange tilsette. På biletet er ein S som står for det engelske ordet strenghts. Øvst til høgre er eit bilete som illustrerer svakheiter med ei hand som dreg ut ei tom bukselomme. På biletet er ein S som står for det engelske ordet weaknesses. Nedst til venstre er det eit bilete som illustrerer moglegheiter ved at ein dresskledd mann sit på toppen av eit fjell og held ein kikkert og speidar utover. På biletet er ein O som står for det engelske ordet opportunities. Nedst til høgre er det eit bilete som illustrerer truslar ved at ein mann sit ved ein kontorpult, og rett bak han er det ein djup sprekk. På biletet er ein T som står for det engelske ordet threats. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Kjelde

Løwendahl, B. R. & Wenstøp, F. E. (2006). Grunnbok i strategi. Oslo: N.W Damm & Sønn.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng, Live Marie Toft Sundbye og Inger Merethe Nisted.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2023

Læringsressursar

Situasjonsanalyse