Hopp til innhald

Fagstoff

Eksterne arbeidsvilkår

Kva meiner vi med eksterne arbeidsvilkår, og korleis kan vi finne ut av kva som er dei eksterne moglegheitene og truslane for ei verksemd?
Ein dresskledd mann på toppen av eit fjell held ein kikkert og speidar utover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksterne forhold

Med eksterne arbeidsvilkår meiner vi eksterne forhold, altså det som går føre seg utanfor verksemda, som verksemda ikkje kan kontrollere. Det er eksterne forhold som verksemda må rette seg etter. Når vi analyserer dei eksterne arbeidsvilkåra, deler vi dei inn i moglegheiter og truslar.

Eksterne arbeidsvilkår kan vere

  • kundar og marknaden

  • konkurrentar

  • leverandørar og distributørar

  • offentlegheita

  • samfunnet

Kundar og marknaden

Kva haldningar har dei eksisterande og potensielle kundane til verksemda og til verksemda sine produkt? Har dei positive haldningar til verksemda og til verksemda sine produkt, er det ei moglegheit. Har dei derimot negative eller likegyldige haldningar, er det ein trussel for verksemda. Dersom det finst mange potensielle kundar i marknaden, kan det vere ei moglegheit. I motsett tilfelle vil det vere ein trussel.

Forstørringsglas over ei gruppe menneske. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konkurrentar

Mange konkurrentar i marknaden kan vere ein trussel for verksemda. Tilsvarande kan få konkurrentar vere ei moglegheit.

Kva konkurrentar gjer, kan òg utgjere ein trussel eller ei moglegheit. For ei verksemd er det derfor nyttig å vite så mykje som mogleg om konkurrentane. Dette kan til dømes vere kunnskap om prisnivået, produktkvaliteten eller dei økonomiske nøkkeltala til konkurrentane.

Tips til stader du kan finne informasjon om konkurrentane

Du kan til dømes finne slik informasjon

  • på nettsida til konkurrentane

  • i offentlege register, som til dømes Brønnøysundregistera

  • på proff.no

Aktørar som satsar på ny teknologi og lanserer betre produkt enn konkurrentane, kan utkonkurrere dei. Eit døme er korleis Nokia gjekk frå å vere størst på mobiltelefonar i 2007 til å bli utkonkurrert då Apple kom med sin første iPhone. For Nokia var Apple ein trussel, og dei nytta ikkje moglegheita i å rette seg etter konkurrenten ved å satse på ny teknologi.

Eit anna døme på å bli utkonkurrert er Kodak, som produserte filmrullar, og som blei hengande etter då konkurrentane lanserte digitale kamera. Du kan lese meir om dette i artikkelen "Kodak-sjefenes gedigne tabbe" på Aftenposten.

Eldre mobiltelefonar frå Nokia. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Leverandørar og distributørar

Dei fleste verksemder treng leverandørar for å produsere produkta sine og for å få produkta ut til kundane. Fråfall av leverandørar og distributørar kan utgjere ein trussel for verksemda.

Tine kjøper kartongar frå fleire ulike leverandørar. Dette gjer dei for å minimere trusselen. Får ein av leverandørane leveringsproblem, kan Tine auke opp bestillingane hos ein annan leverandør.

Har verksemda distributørar som får varene effektivt ut på marknaden og samarbeider godt, representerer distributørane ei moglegheit for verksemda. I nokre tilfelle kan det vere utfordrande å få innpass hos eigna distributørar. På daglegvaremarknaden kan det til dømes vere vanskeleg å få innpass i butikkhyllene hos matvarekjedene, og dette er då ein trussel.

Marsipanbitar forma som små kvalar på eit samleband. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Offentlegheita

Lover og reglar høyrer òg til dei eksterne arbeidsvilkåra. Dei blir rekna som eksterne fordi verksemda kan ikkje sjølv påverke lovene, men må rette seg etter dei. Ei viktig lov i marknadsføringssamanheng er .

Mediedekning av eit tema som har med verksemda di å gjere, kan òg vere ein trussel eller moglegheit. Driv du til dømes med pelsdyroppdrett, vil eit medieoppslag omkring dyrevelferd vere ein trussel. Driv du derimot med larveoppdrett, vil eit medieoppslag om berekraftsaspektet ved larveproduksjon vere ei moglegheit for verksemda di.

Ein annan ekstern trussel kan vere pressgrupper som er opptekne av til dømes miljøspørsmål eller dyrevern.

Personar i fakkeltog med plakatar med negative slagord om pelsindustri. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samfunnet

Utviklingstrekk i samfunnet kan òg vere ein trussel eller ei moglegheit. Døme på slike utviklingstrekk kan vere forhold knytte til politikk, , kultur, klima, teknologi og samfunnsøkonomi.

Til dømes kan ei positiv utvikling i samfunnsøkonomien vere ei moglegheit. Ei finanskrise derimot er ein trussel.

For mange verksemder kan robotisering og kunstig intelligens vere ei moglegheit.

På grunn av koronapandemien kom regjeringa i mars 2020 med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i Noreg i fredstid. Dette utgjorde ein stor trussel for mange verksemder, mellom anna verksemder innan reiselivsbransjen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2021

Læringsressursar

Situasjonsanalyse