Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein situasjonsanalyse?

Kva er ein situasjonsanalyse, og kvifor er det nyttig for ei verksemd å gjere ein situasjonsanalyse?
Modellen illustrerer at en situasjonsanalyse er en analyse av interne styrker og svakheter og eksterne muligheter og trusler. De interne arbeidsbetingelsene er produkt, pris, distribusjon, markedskommunikasjon, personal og ledelse og økonomi.  De eksterne arbeidsbetingelsene er kunder og markedet, konkurrenter, leverandører og distributører, offentligheten og samfunnet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein situasjonsanalyse er ein analyse av nosituasjonen til ei verksemd. For å kunne planleggje og ta avgjerder er det nyttig for ei verksemd å gjere ein slik analyse. Det er viktig å kartleggje forhold i og utanfor verksemda. Ein situasjonsanalyse kartlegg kva som er dei sterke og svake sidene for verksemda, og kva moglegheiter og truslar som ho må ta omsyn til.

Vilkåra ei verksemd arbeider under, er i stadig endring. Situasjonsanalysar må derfor gjerast jamleg for at ein skal kunne planleggje og ta avgjerder ut frå så oppdatert og korrekt informasjon som mogleg.

Arbeidsvilkår

Dei vilkåra ei verksemd arbeider under, blir kalla arbeidsvilkår. Vi kan skilje mellom to typar arbeidsvilkår:

  • interne arbeidsvilkår

  • eksterne arbeidsvilkår

Interne arbeidsvilkår

Med interne arbeidsvilkår meiner vi interne forhold som verksemda kan kontrollere. Ved å analysere dei interne arbeidsvilkåra kan vi dele dei inn i interne styrkar og svakheiter.

Eit døme på ein styrke kan vere eit kjent merkenamn, som til dømes Levi's jeans eller Coca Cola.

Vi kan dele dei interne arbeidsvilkåra inn i

  • produkt

  • pris

  • distribusjon

  • marknadskommunikasjon

  • personale og leiing

  • økonomi

Eit team tek ein high five. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

Tenk på kva som kan vere døme på nokre interne styrkar og svakheiter.

Eksterne arbeidsvilkår

Med eksterne arbeidsvilkår meiner vi eksterne forhold, altså det som går føre seg utanfor verksemda, som verksemda ikkje kan kontrollere på same måte som dei interne arbeidsvilkåra. Det er altså snakk om eksterne forhold som verksemda må rette seg etter. Ved å analysere dei eksterne arbeidsvilkåra kan vi dele dei inn i eksterne moglegheiter og truslar.

Eit døme på ein trussel kan vere ein pandemi, som koronapandemien. Frå mars 2020 kom regjeringa med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka vi hadde hatt i Noreg i fredstid, og mange verksemder blei hardt ramma.

Vi kan dele dei eksterne arbeidsvilkåra inn i

  • kundar og marknaden

  • konkurrentar

  • leverandørar og distributørar

  • offentlegheita

  • samfunnet

Ein liten mann med superheltkappe og maske står framfor ein kjempe som vi berre ser litt av beina på. Foto.

Tenk over

Tenk på kva som kan vere døme på nokre eksterne moglegheiter og truslar.

Relatert innhald

Interne arbeidsvilkår er interne forhold, altså det som går føre seg og finst i verksemda, og som verksemda sjølv kan kontrollere.

Med eksterne arbeidsvilkår meiner vi eksterne forhold, altså det som går føre seg utanfor verksemda, som verksemda ikkje kan kontrollere.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2021

Læringsressursar

Situasjonsanalyse