Avskrivingar - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Avskrivingar

I denne oppgåva skal du jobbe med avskrivingar og korleis vi fører dei i rekneskapen.

Maskin og Truck AS kjøper ein truck i januar 2021 for kr 320 000. Bedrifta vil skrive av maskina over 8 år med like stort beløp kvart år.

  1. Kva er avskriving?
  2. Finn den årlege avskrivinga.
  3. Kva kallar vi denne avskrivingsmetoden?
  4. Kor stor er restverdien i rekneskapen 31.12.2025?
  5. Kva kontoar skal nyttast til avskrivinga i rekneskapen?
  6. Før avskrivninga for år 1 på T-kontoar (2021).

Skrive av Heidi Bukten.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2021