Oppgave
Korleis vil du setje opp den eksterne resultatrekneskapen?
Kontorvikar AS skal presentere resultatrekneskapen for banken. Dei har ført alle bilag og avslutta rekneskapen for 20xx. No skal tala setjast opp rett, i samsvar med rekneskapslova, slik at banken får ei forståing av økonomien.
Sorter og set opp tala i ein ekstern resultatrekneskap. Driftsresultatet må du sjølv berekne.
Tekst | Kroner |
---|---|
Lønnskostnader | 984 000 |
Anna driftsmateriell | 48 000 |
Andre driftskostnader | 9 900 |
Salsinntekter | 1 452 000 |
Skatt | 49 000 |
Rentekostnader | 5 900 |
Husleige | 96 000 |
Avskrivingar | 23 800 |
Marknadsføring | 18 900 |
Renteinntekter | 990 |
Presenter og forklar den eksterne rekneskapen til ein medelev, som tek rolla som banktilsett.
Berekn resultatgraden, og vurder denne.