Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling
Dette er ikkje eit komplett læremiddel, men ei ressurssamling som vi håper kan vere nyttig for deg.
Økonomi
I dette emnet lærer du om prissetjing, å utarbeide budsjett, berekne kapitalbehov og vurdere finansieringsmoglegheiter for ei ny verksemd. I tillegg ser vi på korleis vi les rekneskap og vurderer nøkkeltal og lønnsemd.
Rekneskap
Ein rekneskap viser ei oversikt over inntekter, kostnader, eigedelar og gjeld. Når du har ført rekneskapen, vil du få fram resultatet til bedrifta di. Resultatet viser om du har gått med overskot eller underskot. Rekneskapen gir deg dermed ein peikepinn på den økonomiske situasjonen til bedrifta.