Lønsemdsanalyse - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lønsemdsanalyse

I denne oppgåva skal du velje ei bedrift, og bruke ei nettside som gir deg økonomiske rekneskapstal for bedrifta. Du skal i oppgåva finne og utforske nøkkeltala for rentabilitet, likviditet og finansiering.

Oppgåve med bruk av nøkkeltal

Du skal bruke nøkkeltala til å sjå den økonomiske utviklinga i ei bedrift over to år. Svaret kan vere ein skriftleg rapport eller ei munnleg framføring.

Del 1 – Bedrifta

Vel ei lokal bedrift du vil utforske økonomien til. Bedrifta bør vere eit aksjeselskap.

Som innleiing i rapporten kan du skrive om bedrifta, kva bransje ho er i, og kva slags produkt dei sel.

Søk på nettet, bruk til dømes Proff.no, og finn rekneskapen til bedrifta.

Del 2 – Nøkkeltal

Finn dei tala du treng og rekn ut nøkkeltal. Bruk gjerne eit rekneark.

Rentabilitet=ÅrsresultatEigenkapital×100

Eigenkapitalprosent=EigenkapitalTotalkapital×100


Likviditetsgrad 1=OmløpsmidlarKortsiktig gjeld


Likviditetsgrad 2=(Omløpsmidlar - varelager)Kortsiktig gjeld



Del 3 – Analyse

Etter at du har rekna ut og sett opp nøkkeltala i ein oversiktleg tabell, skal du kommentere tala. Svar på følgjande spørsmål:

  1. Kommenter utviklinga av nøkkeltala kvar for seg. Viser nøkkeltala ein positiv eller negativ trend?
  2. Er nøkkeltala over minimumskrava? Sjå relatert fagartikkel.
  3. Kjenner du til marknaden for denne bedrifta? Er han prega av få eller mange konkurrentar?
  4. Avslutt med ei kort oppsummering om den økonomiske stoda for bedrifta.

Relatert innhald

Skrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2021