Resultatbudsjettet og likviditetsbudsjettet til Lyngdal Mote AS - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Resultatbudsjettet og likviditetsbudsjettet til Lyngdal Mote AS

Klesforretninga Lyngdal Mote AS skal setje opp budsjetta for neste år. Innehavar Anne Sofie har drive butikk i mange år og har rekneskapstal ho kan bruke som utgangspunkt.

Resultatrekneskap og balanse for Lyngdal Mote AS såg slik ut i 20xx:

Resultatrekneskap 20xx

Kalkulasjon

Kr

Salsinntekt

6 695 000

– varekostnad

4 436 000

= bruttoforteneste

2 259 000

Lønn og lønnskostnader

1 366 000

Husleige

180 000

Marknadsføring

249 000

Andre driftskostnader

290 000

– sum faste kostnader

2 085 000

– finanskostnader

103 000

Resultat

71 000

Balanserekneskap 20xx

Kalkulasjon

Kr

Sum anleggsmiddel

182 000

Varelager

2 231 000

Fordringar

187 000

Bank

232 000

Sum omløpsmiddel

2 650 000

Sum eigedelar

2 832 000

Eigenkapital

1 960 000

Langsiktig gjeld

455 000

Leverandørgjeld

417 000

Sum eigenkapital og gjeld

2 832 000

Anne Sofie vil flytte butikken til eit lokale i byen, bort frå kjøpesenteret i byen. Dette betyr at ho må investere i oppussing av det nye lokalet og andre ekstra kostnader knytt til flyttinga.

Resultatbudsjettet

Anne Sofie lagar eit resultatbudsjett med utgangspunkt i følgjande forventningar for det neste året:

  • Ho vil auke salsinntektene med 10 %.

  • Bruttofortenesta blir den same i prosent av salsinntekt.

  • Ho vil justere ned lønnskostnadene til 1 000 000 kr fordi ho ikkje lenger skal følgje opningstidene til kjøpesenteret.

  • Husleiga blir billigare – ho skal no betale 10 000 kr i månaden.

  • Ho forandrar ikkje på beløpet som skal brukast til marknadsføring.

  • Andre driftskostnader blir høgare, ho bereknar å bruke totalt 390 000 kr.

  • Interiør og utstyr skal avskrivast med 20 % (saldoavskriving). Investeringa er på 500 000 kr.

  • Finanskostnadene aukar med 20 000 kr sidan ho må ta opp meir lån.

Oppgåve

  1. Set opp resultatbudsjettet for Lyngdal Mote AS.

  2. Vurder forventa resultat.

Likviditetsbudsjettet

Anne Sofie vil òg lage eit likviditetsbudsjett for dei første 6 månadene.

Likviditetsbudsjett

Kalkulasjon

Januar

Februar

Mars

April

Mai

Juni

Inngåande behaldning

+ innbetalingar450 000350 000450 000550 000650 000550 000

– utbetalingar

550 000

400 000

650 000

550 000

350 000

450 000

+innbetalingsoverskot/ -underskot

= utgåande behaldning

Ho har ei bankbehaldning 1. januar på kr 232 000.

Oppgåve

  1. Fullfør likviditetsbudsjettet.

  2. Vurder likviditeten. Kva kan Anne Sofie gjere for å betre likviditeten?

Løysingsforslag

Filer

Skrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2021