Budsjettkontroll av Annelise sin butikk - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Budsjettkontroll av Annelise sin butikk

Annelise er spent på korleis rekneskapstala for juni vart, samanlikna med budsjettet. Ho vil derfor ha di hjelp til å gjennomføre ein budsjettkontroll.

Du skal utføre ein budsjettkontroll for Annelise sin butikk i juni, ut frå oppgitte budsjett- og rekneskapstal. Annelise er spent på å sjå kva tal som er ulike, og ikkje minst kvifor. Kan du hjelpe henne?

Resultatbudsjett og Resultatrekneskapen for juni

Kalkulasjon

Resultatbudsjett i kr.

Resultatrekneskapen i kr.

Salsinntekt

600 000

393 200

– Varekostnad

90 000

44 480

= Bruttofortjeneste

510 000

348 720

Løn (bruttoløn, ferieløn, arbeidsgivaravgift)

160 000

204 670

Husleige

30 000

30 000

Marknadsføringskostnader

60 000

14 800

Avskrivingar

13 000

13 000

Andre driftskostnader

25 000

0

Sum faste kostnader

288 000

86 250

– Rentekostnader

0

2 500

= Resultat

222 000

83 750

Arbeidsbok

Oppgåve

  1. Last ned arbeidsboka i Excel.

  2. Set inn tal i budsjett og rekneskap og rekn ut prosent av sal.

  3. Rekn ut avvik i kroner og prosent.

  4. Kommenter avvika.

Løysingsforslag
Skrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2022