Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling
Dette er ikkje eit komplett læremiddel, men ei ressurssamling som vi håper kan vere nyttig for deg.
Økonomi
I dette emnet lærer du om prissetjing, å utarbeide budsjett, berekne kapitalbehov og vurdere finansieringsmoglegheiter for ei ny verksemd. I tillegg ser vi på korleis vi les rekneskap og vurderer nøkkeltal og lønnsemd.
Budsjett
Å lage eit budsjett inneber å planleggje inntekter med tilhøyrande innbetalingar og kostnader med tilhøyrande utbetalingar. Bedrifter lagar resultatbudsjett og likviditetsbudsjett. Budsjettet skal både styre og inspirere oss i arbeidet med å nå måla til bedrifta.