Forvaltning og drift (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Felles programfag saman med:Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Bedriftsetablering
Bedriftsetablering handlar om å starte opp ei bedrift, drive ho og til slutt avvikle ho. De kan bruke ungdomsbedrift som metode for å lære om bedriftsetablering, eller de kan bruke allereie etablerte bedrifter i regi av skulen, til dømes viss skulen har eit gartneri eller gardsutsal.
Å starte eiga bedrift
Når du skal starte di eiga bedrift, har du mange mogelegheiter: Veit du om noko som kunne vore gjort annleis for å forenkle kvardagen for bonden eller gartnaren? Vil du lage ditt eige produkt av råvarer frå skulen din, eller kanskje tilby ei teneste? Dette emnet handlar om korleis du kjem i gang.