Hopp til innhald

Fagstoff

Saktekstar

Dei fleste tekstane vi les, er saktekstar. Vi skal no sjå litt nærare på denne typen tekstar, og vi byrjar med å gi ordet til verdas første professor i sakprosa, Johan Tønnesson. I videoklippet fortel han kva han arbeider med, og kvifor sakprosatekstar er viktige.

Tekstar om røyndommen

Dei fleste tekstane vi les, er saktekstar. Felles for saktekstane er at dei handlar om røyndommen, om verda vi lever i. Utover dette kan saktekstar vere svært ulike. Alt frå matoppskrifter, tryggleiks-instruksar, møtereferat og nyheitsartiklar til brev, kåseri og essay er saktekstar.

Saktekst eller sakprosa?

Omgrepa saktekst og sakprosa vert ofte brukte om kvarandre, men saktekstomgrepet har ei litt vidare tyding: Saktekst dekkjer både munnlege, skriftlege og samansette tekstar, mens sakprosa først og fremst vert brukt om tekstar der skrifta speler ei viktig rolle.

Prosa

  • Ordet er henta frå latin, der orátio prósa tyder "likefram tale", det vil seie tale utan fast rytme, rim og strofer.

To hovudgrupper sakprosa

Sakprosatekstane kan vi dele inn i to hovudgrupper: funksjonell sakprosa og litterær sakprosa. Vi skal sjå litt nærare på kva som skil dei to gruppene.

Funksjonell sakprosa

Til den funksjonelle sakprosaen reknar vi alle brukstekstane vi møter i kvardagen og i samfunns- og yrkeslivet. Desse tekstane har gjerne ein heilt konkret, praktisk funksjon: Branninstruksen fortel oss kva vi skal gjere dersom det brenn i eit bygg, bilreportasjen informerer oss om nye bilar på marknaden, og matoppskrifta hjelper oss å lage ein ny matrett. I mange tilfelle er det uviktig kven som har skrive teksten. Det som tel, er at teksten gjer jobben sin, at han fungerer etter formålet. Vi kan derfor kalle brukstekstane for funksjonell sakprosa.

Litterær sakprosa

Litterær sakprosa er sakprosatekstar som er skrivne av namngitte forfattarar som vender seg til offentlegheita. Denne typen sakprosa finn vi som oftast i bøker og tidsskrift, av og til òg i andre massemedium. Døme på litterær sakprosa er essay, kåseri, biografiar, reiseskildringar og artiklar om ulike emne.

Vi forventar ikkje at vi skal ha direkte praktisk nytte av ein litterær sakprosatekst, men vi har sjølvsagt forventningar til lesinga. Vi ønskjer kan hende å lære meir, vi vil vite kva andre tenkjer, vi vil glede oss over godt språk eller rett og slett verte underhaldne. Røyndommen kan ofte vere minst like spennande som fantasien!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2019

Læringsressursar

Litt om sjanger