Hopp til innhald

Fagstoff

Fire sjekkpunkt for sjanger

Mange tekstar er lette å plassere innanfor ein bestemt sjanger, men det er heller ikkje uvanleg at forfattarar og skribentar medvitne vel å gå "utanfor boksen". Her er fire kjennemerke vi kan bruke for å beskrive tekstar og sjangrar meir systematisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjangerkriterium

Det er ikkje alltid det finst eit fasitsvar på kva sjanger ein tekst høyrer til. Men vi kan likevel seie ganske mykje om ein tekst ved å bruke fire kriterium eller sjekkpunkt:

  1. Forholdet teksten har til røyndommen
  2. Sjangernamnet som forfattaren har sett på teksten
  3. Formålet med teksten
  4. Forma forfattaren har valt

Fiksjon eller røyndom?

Handlar teksten om røyndommen, eller er innhaldet oppdikta? Dette må vi som lesarar vere klare over fordi vi forstår saktekstar og fiksjonstekstar på ulike måtar. Les vi om urett eller lovbrott i avisa, forventar vi at politiet eller politikarane skal gripe inn, og at dei skuldige må stå til rette for det dei har gjort. Les vi om ei liknande hending i ein roman, kan vi òg leve oss inn i historia og reflektere over henne, men det ville ikkje falle oss inn å prøve å oppsøkje romanpersonen eller krevje rettferd og oppreising for han.

Skjønnlitteratur

  • tekstar med oppdikta innhald
  • synonym: dikting, fiksjonstekstar

Saktekstar

  • tekstar som handlar om røyndommen
  • synonym: sakprosa, sakprosatekstar

Kva for ein sjanger er vald?

Ein som vel å framstille ei sak som fakta, er forplikta til å halde seg til fakta, og viss han eller ho diktar opp noko, så er det løgn.

Ein som skriv fiksjon, kan bruke verkelege personar, episodar frå eige liv, historiske hendingar og reelle stader i tekstane sine om han vil, men forfattaren og lesarane er likevel einige om at teksten skal verte oppfatta som oppdikta. Mest vanleg er det nok at forfattaren bruker stoff frå røyndommen som råmateriale, og at han omarbeider og blandar dette med oppdikta innhald.

Men kva om ein forfattar skriv fleire bøker om sitt eige liv, og kallar dei for romanar? Den norske forfattaren Karl Ove Knausgård har gjort nettopp det. Korleis verkar det inn på forventningane til lesarane at bøkene har fått merkelappen roman, endå dei strengt teke er sjølvbiografiske?

Kva er formålet med teksten?

Med formål meiner vi kva slags jobb teksten skal gjere for oss. Ein filmomtale skal informere og vurdere. Læreboka skal lære oss noko, underhaldningsprogrammet skal underhalde, og kampdiktet skal elde opp og styrke moralen. Dei fleste saktekstane har konkrete, praktiske formål, medan fiksjonstekstar vanlegvis påverkar oss meir indirekte: Dei gir oss innsikt, dei rører oss og kan bidra til at vi endrar haldning, men dei krev sjeldan handling her og no av lesaren.

Kva form har teksten fått?

Kvar sjanger har i utgangspunktet ei typisk form: Eit formelt brev vert skrive etter eit fast oppsett, ein artikkel skal vere delt opp i avsnitt og ha ein sakleg tone, ein vits skal vere kort og morosam, og ein songtekst skal helst ha rim og fast rytme. Men ein filmomtale vert ikkje til skjønnlitteratur sjølv om omtalen er skriven på vers. Og ein avisartikkel kan ikkje verte kalla saktekst når "saka" er ein aprilspøk. Vi kan derfor seie at forma ikkje er den viktigaste eigenskapen ved ein tekst når vi skal avgjere kva sjanger han høyrer heime i.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Eli Glomnes.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2018

Læringsressursar

Litt om sjanger