Språk, kjønn og ungdom
I artikkelen ”Kvinner tier” peikar språkforskaren Helene Uri på nokre språkforskjellar mellom kjønna (Uri, 2008). Kvinner bruker gjerne fleire småord enn menn for å ta fleire atterhald i ein samtale. Slike småord kallar vi diskursmarkørar, til dømes "jo", "vel", "nok", "berre", "altså", "på ein måte". Det finst ulike forklaringar på kvifor det er slik. Somme vil seie at kvinner er meir usikre, men det kan òg bety at kvinner uttrykkjer seg meir nyansert og gir rom for ulike tolkingar.
Tenk over:
Synest du Uris skildring av forskjellen mellom slik menn og kvinner bruker småord òg passar for ungdom?
I same artikkel hevdar Helene Uri at kvinner og menn har ulike mål med samtalen. Kvinner er meir opptekne av likskap og fellesskap, og dei vil i ein samtale søkje å stadfeste dette. Menn er derimot meir opptekne av å framheve seg sjølv og å styrkje posisjonen sin. I ein samtale vil menn derfor vere meir i ein maktkamp med samtalepartnarane sine.
Dei siste tiåra har det gått føre seg ein debatt i Noreg og den vestlege verda om språk og likestilling. Mange hevdar at språket vårt er mannsdominert og reflekterer kva haldningar vi har til kjønn og kjønnsroller.
Kvardagslege uttrykk som "å køyre som ei kjerring", "å springe som ei jente" eller "skravlekjerring" er negative, medan "ta det som ein mann", "å gro hår på brøstet" eller "å ha ballar" er positive uttrykk. Vi seier "nordmann", "førstemann" og "mannskap", og sjølv om 50 prosent av legane og 70 prosent av medisinstudentane her til lands er kvinner, så bruker media ofte den "kvinnelege legen" viss det er ei kvinne og berre "legen" viss det er ein mann.
Det har skjedd endringar. Fleire bruker til dømes "leiar" i staden for "formann" og "politibetjent" i staden for "politimann". Yrkestittelen "fylkesmann" er offisielt endra til "statsforvaltar". Fleire unngår å bruke det kjønnslada pronomenet "han" og vel å skrive "hen" i staden. Det er heller ikkje vanleg å skilje mellom lærar og lærerinne eller vert og vertinne, men mange av dei kvardagslege, negativt lada uttrykka knytte til kvinner lever framleis.
I NRK-serien F-ordet undersøkjer programleiar Ulrikke Falch unge sitt forhold til kjønn og kjønnsroller. Episoden under tek for seg ordet "hore". Kva betyr det, kva seier det om dei som bruker det, og kva gjer det med dei som blir kalla det?
Når det gjeld ungdomsspråk, er gruppetilhøyrselen til ungdommane viktigare enn kjønn. Denne tilhøyrselen har meir å seie for språket ditt enn om du er gut eller jente. Men alder er òg ein viktig faktor, og omgrepet ”ungdomsspråk” fortel oss at det er forskjell på språket til unge og eldre.
Det interessante med ungdomsspråket er at det har nokre fellestrekk uavhengig av geografi og sosial klasse, nettopp fordi ungdom er i ein fase av livet der dei er i opposisjon til foreldregenerasjonen. Vi skal sjå nærare på nokre kjenneteikn ved dette språket:
Det er knytt mange stereotypiar til språket ungdommar bruker og til ungdomskulturen generelt. Mange vil hevde at ungdommar bannar mykje, bruker stygge ord, snakkar upresist, seier "liksom" i annakvar setning, og at alt anten er "dødskult" eller "dritkjipt". Som ungdom vil du kanskje kjenne deg igjen i noko av dette, men neppe i alt, og du vil nok òg tenkje at språket ditt varierer avhengig av kven du kommuniserer med.
I Ingrid Kristine Hasunds bok Ungdomsspråk frå 2006 får vi ei meir nyansert skildring av ungdomsspråket og ungdomskulturen. La oss sjå på nokre døme:
Bruk av slang er kanskje det viktigaste kjenneteiknet på ungdomsspråket, og slangspråket kan vere ein sterk identitetsmarkør. Ungdommar er generelt meir opne for å ta i bruk nye ord i språket, og ofte gjeld dette ord og uttrykk frå andre språk. Engelsk er det mest utbreidde språket, men vi finn òg uttrykk frå språk som arabisk og spansk.
Vi kan bruke ulike slangord alt etter kven vi er saman med. Det finst mange slangord for ting som er bra eller dårleg, til dømes "digg", "feitt", "good", "ruler", "døvt", "kjipt" og "dølt". I tillegg blir gjerne orda "døds-" eller "drit-" sette framfor desse orda, som i "dødsfeitt" og "dritkjipt". Mange slangord og -uttrykk lever eit kort liv eller blir berre brukt i visse situasjonar, men det hender at nokre "overlever" og blir tekne opp i normalspråket.
Du kjenner sikker til omgrepet kebabnorsk, som blir brukt om ein språkvariant vi særleg finn i somme bydelar i Oslo. Her blir norsk blanda med ord frå mange ulike språk, som arabisk, spansk og urdu.
- "Hva skjedde i går, bror?"
- "Bror, syke ting skjedde, bror. Baosj pulla opp og sånn."
- "Og mor far, vi måtte jette med en gang."
- "Wallah, hva skjedde da?"
Frå NRK-serien 19
Det er rettare å kalle denne språkvarianten for ein multietnolekt. Opphavleg blei omgrepet kebabnorsk knytt til innvandrarungdom frå ikkje-vestlege land. I dag blir språkvarianten òg brukt av ungdommar som er fødde i Noreg.
Norske banneord er særleg knytte opp mot religiøse tabu, som i orda "helvete" og "herregud", eller andre tabubelagde område, særleg sex og avføring: "drita", "bullshit", "fuck", "kødd", "porno". Undersøkingar viser at frekvensen av banneord hos ungdom ikkje er høgare enn hos eldre menneske, men at orda ungdommar bruker er sterke, og då vil dei raskt skilje seg ut når dei først blir uttrykte.
Hyppig bruk av diskursmarkørar blir òg sett på som typisk for ungdomsspråket. Det gjeld både norske ord som "ass", "berre", "liksom", "då" og ord frå andre språk som "like" og "wallah". Hasund påpeikar likevel at dei ikkje nødvendigvis bruker det meir enn vaksne, men at ungdom vil bruke desse småorda i meir formelle situasjonar enn det vaksne vil.
Tenk over:
Bruker du mange diskursmarkørar når du snakkar?
Når bruker du diskursmarkørar mest og minst?
Mange vil seie at utbreidd bruk av ord som "berre", "liksom" og "å sånn" vitnar om lite ordtilfang. Kan slike småord òg ha ein kommunikativ funksjon?
Kjelder
Hasund, I. K. (2006). Ungdomsspråk. Fagbokforlaget.
Uri, H., Husby, O., Tonne, I. & Vestad, J. P. (2008). Snakk om språk. Universitetsforlaget.