Hopp til innhald
Oppgåve

Undersøk forskjellar mellom talespråk og skriftspråk

Når bruker vi eit normert skriftspråk, og når vel vi å skrive talespråknært? Og når føretrekkjer vi å snakke framfor å skrive? Lær om forskjellane mellom tale og skrift og gjennomfør ei undersøking.

Oppgåve 1. Diskuter talespråk og skriftspråk

Del 1. Diskuter med ein medelev korleis de bruker språket

  1. Kva tenkjer de er den viktigaste forskjellen mellom talespråk og skriftspråk?

  2. Føretrekkjer de å snakke eller skrive når de skal formidle noko? Kvifor?

  3. I kva situasjonar føretrekkjer de skrift framfor tale?

  4. I tekstar de skriv på skulen, blir de gjerne bedne om å unngå "munnleg språk". Kva meiner ein med det?

  5. Kor tett opp til det munnlege språket skriv de i private meldingar og på sosiale medium? Bruker de t.d. dialektord?

  6. Kva med bruk av emojiar? I kva samanhengar bruker de dei, og kvifor?

  7. Kva kan vere årsaka til at nokon vel å skrive talemålsnært, mens andre ikkje gjer det?

  8. Kan forskjellane knytast til kjønn? Grunngi svaret!

Del 2. Les om forskjellane

Les fagartikkelen "Kva er forskjellen på talespråk og skriftspråk?"

  1. Korleis stemmer det de snakka om i del 1, med det som står i artikkelen?

  2. Kva informasjon var ny for dykk? Skriv ned stikkord.

Del 3. Diskuter forskjellane

  1. Er det like viktig å vere presis når du snakkar, som når du skriv?

  2. Kvifor har vi offisielle skrivereglar, men ikkje offisielle snakkereglar?

  3. Kvifor utviklar talespråket seg raskare enn skriftspråket?

  4. Kan talespråket gi uttrykk for identiteten til språkbrukaren? Kva med skriftspråket?

  5. Kan det norske talespråket overleve viss skriftspråket blir borte? Kva om situasjonen var omvend?

Oppgåve 2. Undersøk språkbruk

Det er ein fordel å ha jobba med oppgåve 1 før de jobbar med denne oppgåva.

Del 1. Undersøk språkbruken til klassen

No skal de undersøkje korleis klassen bruker skriftspråket og talespråket. De kan ta utgangspunkt i spørsmåla i oppgåve 1, del 1, eller lage eigne spørsmål. Svara kan de skrive på tavla, eller de kan lage ei digital undersøking som er anonym. Det går an å lage ei digital undersøking på Mentimeter eller i Google Forms, til dømes (begge krev registrering/konto).

Sjå korleis de lagar gode spørsmål i klippet "Metodar i utforsking" nedanfor.

Samanfatt, gjerne med diagram som viser resultatet. La dykk inspirere av fagartikkelen "Diagramtypar og data".

Sjå animasjonen om korleis du går fram når du skal forske på noko:

Korleis kan du finne svar på eit spørsmål du lurer på? Video: Klipp og Lim / CC BY-SA 4.0

Del 2. Undersøk språkbruken til foreldregenerasjonen

Gjennomfør same undersøkinga som i klassen, men vurder om det også skal inn andre spørsmål som kan gi dykk meir informasjon. Det kan til dømes vere relevant å sjå på om alder, kjønn, utdanning og yrke har betydning for korleis informantane svarer.

Del 3. Samanlikn resultata og samanfatt

Samanlikn resultata frå dei to undersøkingane:

  • Kva kan forskjellane bety?

  • Kva med det som er likt?

Kva kan de no seie om forskjellane i bruk av talemål og skriftspråk?