Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teknologien som formar oss

Korleis blir vi påverka av at heile verda berre er eit tastetrykk unna? Kommunikasjonsteknologien bryt ned mange grenser, men kanskje lagar den nokre nye også? I denne oppgåva skal du skrive eit essay eller ein fagartikkel om dette temaet.
Personar kommuniserer via nettbasert teknologi. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Svar på spørsmål

Svar på spørsmåla under. Skriv ned stikkord for deg sjølv, og diskuter deretter med ein medelev. Prøv å komme på så mange konkrete døme som mogleg.

  • Kva forbind du med kommunikasjonsteknologi?

  • Kva moglegheiter gir teknologien?

  • Kva utfordringar kan han skape?

Del 2. Sjå videoar

Sjå videoane under, og skriv ned stikkord og tankar du får mens du ser dei.

Video 1: Kommunikasjon og teknologi

Video 2: Sjølvframstilling i media

Video 3. What's on your mind

Synstolking

Kortfilmen startar med å vise ein skjerm. På skjermen ser vi at det blir scrolla på sosiale medium. Øvst står det "What's on your mind". Vidare blir det scrolla nedover bilete som viser flotte kroppar og sydhavstrender, eit lekkert måltid, og heilt til sist eit bilete av eit vakkert og vellykka par. Hovudkarakteren, ein mann, ser på middagen sin, som er trist fiskegrateng kjøpt på butikken. Han ser deretter bort på kjærasten som sit i mørket i sofaen og et potetgull og ser på TV. Då skriv han "Sushi with my girl tonite!!!" i feltet på det sosiale mediet. Han får 1 like på dette.

Vidare viser filmen mannen på jobb. Han held eit foredrag. Det er tydeleg at kollegaene som ser på, kjedar seg. Ein søv. Men han skriv "Presentation went great" på sosiale medium og får 13 likes.

Deretter viser filmen at hovudkarakteren tek ein selfie av seg sjølv i naturen og har skrive "20 k. run. CHECK!". Men når kameraet zoomar ut, viser det seg at han har køyrt i staden for å jogge. Dette får han 67 likes på.

Neste scene i filmen viser at han kjem heim. Her overraskar han kona som har besøk av ein annan mann som kjem ut frå toalettet i trusa. Då skriv han "FINALLY SINGLE!" på sosiale medium, og vidare "Goin clubbin??". Neste bilete har trist musikk og viser mannen som sit åleine og drikk alkohol frå ei flaske. Like etterpå postar mannen eit bilete av seg sjølv som ler og held opp flaska mot kamera. Kameraet går tilbake til mannen som græt i bilen. Vi får sjå at han har fått 41 likes på biletet av seg sjølv med flaska.

Han får besøk av ei prostituert kvinne i bilen. Neste bilete viser at han skriv "Scott is in an open relationship" på sosiale medium. På dette får han 103 likes.

Ei ny scene viser at han får kjeft av sjefen på jobben sin. På sosiale medium skriv han "Quit my dead-end job!" og #followyourdreams, men han går misfornøgd ut frå arbeidsplassen mens alle ser på han. På posten sin får han 247 likes.

Det siste biletet i filmen viser at han sit på sosiale medium og planlegg å skrive ei ny oppdatering. Så får han auge på eit bilete av eks-kjærasten med den nye kjærasten sin. Dei har fått 1638 likes på biletet sitt. Biletet zoomar inn på ansiktet til eksen. Då skriv hovudkarakteren "My life sucks". Vidare viser filmen ein finger, som må komme frå ein ukjend karakter, som trykkjer på "Hide all from Scott Thomson", og til slutt står det "All posts from Scott hidden".

Del 3. Vel eit tema eller ei problemstilling, og skriv ein tekst

Jobb i grupper

  • Les opp notata dykkar frå del 1 og 2 for kvarandre. Har de tenkt mykje likt? Har nokon skrive noko de andre ikkje har tenkt over?

  • Bli einige om to–tre tema eller problemstillingar de har lyst til å sjå nærare på. Lag eit tankekart for kvart tema eller kvar problemstilling der de får med så mange moment som mogleg.

Jobb åleine

  • Skriv anten eit essay eller ein fagartikkel om eitt av temaa de diskuterte og arbeidde med i gruppa.

Trykk deg inn på artiklane under for å få hjelp til skriveoppgåva.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel