Hopp til innhald

Fagstoff

Modelltekst: Ein fagartikkel om tekst i kontekst

Denne modellteksten er ein fagartikkel som gjer greie for og drøftar kvinnerolla i dagens litteratur og i sagalitteraturen.
Ei kvinne i vikingklede ser i kamera. Ho held eit sverd og har blod i ansiktet og på kroppen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåva

Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for og drøftar kvinnene sine kår i vikingtida og i dag. Du skal ta utgangspunkt i dei to vedlegga og reflektere over den kulturhistoriske konteksten dei er skrivne i, men du vel sjølv innfallsvinkel til tekstane.


Kommentar: Du skal først og fremst skrive med utgangspunkt i dei to vedlegga, men du kan òg trekkje inn andre relevante tekstar du kjenner til. I svaret ditt skal du utforske vedlegga ved å vise til konkrete døme. I tillegg skal du vise kunnskapar om kva rolle historia og kulturen har for tekstane.

Vedlegg:

  • Sagaen om Gunnlaug Ormstunge, kapittel 8

  • "Skamfølelse versus alder: Sofia", utdrag frå Skamløse jenter (2017)

Relatert innhald

Kvinnerolla gjennom 1000 år

"Hvor fri er jeg?", spør 20-åringen Sofia seg sjølv og lesarane om i boka Skamløs (2017). Utdraget handlar om Sofias oppvekst, motgang og medgang. Ordet "fridom" er tett knytt til den tida vi lever i her og no. Norske kvinner og menn har meir fridom enn nokosinne. Dei er sjølvstendige og kan sjølv avgjere korleis dei vil forme liva sine. Det liker vi i alle fall å tru. Men om vi går 1000 år tilbake i tid, til vikingtida, korleis stod det til med sjølvråderetten til kvinnene då? Og kan vi finne ut korleis kvinnerolla har forandra seg ved å utforske Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og Sofias forteljing?

Vi kan starte med Helga, den kvinnelege hovudrolla i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Det er henne helten Gunnlaug vil ha, og ho vil ha han. Men i motsetning til dagens norske kvinner, som stort sett kan velje sjølv kven dei vil gifte seg med, viser sagaen at familien og kollektivet speler ei viktig rolle i val av partnar. Det er familien som tek den endelege avgjerda om kven som skal bli Helgas ektemann. Sagaen viser at Helga har lite ho skulle sagt når avgjerda om kven ho skal dele hus med resten av livet, blir gjort. Den avgjerda blir teken av menn, nemleg Gunnlaug, far hans og Helgas far, Torstein. Sagaen viser oss at det er den unge mannen som er den aktive parten, og han vender seg til far til den kommande bruda om han ønskjer giftermål: "(...) hvorfor byr du meg ikke det, som jeg vil ta imot?» — «Hva er det?» spør Torstein. Gunnlaug svarer: «Helga den fagre, datter din»."

Viss vi tek utgangspunkt i denne sagaen, kan vi slå fast at kvinner var passive, medan menn var aktive. Dette er slett ikkje ei uvanleg rollefordeling i sagalitteraturen. Mange sagaer handlar om menn som er handlekraftige, slåst og reiser ut, medan kvinnene i beste fall kan eggje dei til handling (Tromp, 2015). Det finst rett nok ein del døme på aktive kvinner i sagalitteraturen, men Helga er ikkje ein av dei.

Kva seier eigentleg forsking om kjønnsroller i vikingtida? Var det slik at kvinner hadde liten påverknad på eige liv? Ifølgje forskar Marianne Moen så har det vanlege vore å tru at vikingsamfunnet var slik: "Mens menn kan være krigere, bønder, handelsmenn og håndverkere, er kvinner oftest vist uten noen sosial rolle, eller som husfruer" (Moen, 2019). Ho meiner likevel at denne tradisjonelle framstillinga ikkje nødvendigvis stemmer:

Mange mener at menn sto mye sterkere i samfunnet enn kvinner i vikingtiden, og at kvinner var underkastet menns vilje. Men vi har mange kilder som tyder på at dette kanskje var mer teori enn virkelighet, og at realiteten var en komplisert og mangesidig hverdag, hvor grensene mellom akseptert kjønnet adferd var til dels flytende. (Moen, 2019)

Moen viser altså at kjønnsrollene i norrøn tid sannsynlegvis ikkje var så tronge som mange trur. Kanskje stemmer ikkje det som står i sagaen med røyndommen? Helga verkar passiv og heilt utan innverknad på eigen skjebne, men for alt me veit tok faren henne med på råd før han lova henne bort til Gunnlaug. Ættesagaene handla jo først og fremst om viktige kampar, ære og makt, medan "unødvendige detaljar" blei utelatne.

Ættesagaene handla altså i stor grad om ære. Dette ser me igjen i Helgas historie. Det var nemleg slik at vikingkvinna ikkje skulle gifte seg med ein som hadde lågare sosial status enn henne (Næss, 1999). Då Torstein er lunken til å gifte bort Helga til Gunnlaug, bruker han æra til faren, Illuge, som argument: «Hvor tenker du å få en frier fra til datter din, når du ikke vil gi henne til sønn av Illuge Svarte?». Det Gunnlaug seier her, er at han kjem frå ein familie med høg sosial status og dermed bør få den kvinna han vil ha.

Sjølv om det kanskje ikkje stemde med røyndommen, så blir altså Helga skildra som ei kvinne som ikkje kan ta eigne val. Men korleis står det eigentleg til med den moderne kvinna? Me treng nok ikkje gå til forskinga for å kunne påstå at kvinner i Noreg i dag er langt meir sjølvstendige. Dei giftar seg med mannen dei er forelska i, og sjølv om me kanskje er meir opptekne av sosial status enn me ønskjer å innrømme, så er det ikkje umogleg at ei kvinne med høg sosial status vel å gifte seg med ein mann av lågare "rang".

Teksten "Skamfølelse versus alder: Sofia" frå boka Skamløs handlar ikkje om giftarmål, men ho viser korleis livet er for ei norsk kvinne på same alder som Helga. Utdraget er skrive av norsk-libanesiske Sofia Nesrine Srour og handlar om oppveksten hennar. Det er kanskje vanleg å forbinde oppveksten til unge muslimske jenter med strenge foreldre som passar på jentene sine, men teksten viser det heilt motsette: Sofia har full kontroll over eige liv. Når ho blir 11 år, vel ho å gå med hijab, mot viljen til foreldra, medan ho vel å ta den av når ho er 22. I tillegg flyttar ho heimanfrå når ho blir vaksen. Det gjer ho ikkje for å inngå ekteskap med ein mann, slik det hadde vore i vikingtida, men for å studere juss i Oslo.

Det dei to tekstane viser, er at dagens kvinner gjer som dei vil, medan kvinnene til vikingtida måtte ta omsyn til ætta. I dag lever me i eit individualistisk samfunn, medan Island og Noreg på 1000-talet var eit kollektivistisk samfunn. Ifølgje ndla.no er den viktigaste forskjellen på desse to kulturane denne: "Omsynet til storfamilien, gruppa eller det sosiale nettverket er viktigast i den kollektivistiske kulturen. I ein individualistisk kultur er ein oppteken av seg sjølv og sin næraste familie" (NDLA, 2019). Denne definisjonen stemmer godt med kvinnerollene me les om i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og Skamløs. Helgas valmoglegheiter er avhengig av omsynet ho må ta til den sosiale statusen til storfamilien, medan Sofia først og fremst tek vala sine av omsyn til seg sjølv.

Men betyr dette at norske kvinner er heilt "skamlause"? Er dei heilt fri til å gjere akkurat det dei vil? Det er fleire sitat frå utdraget til Sofia som tyder på at det ikkje er slik. Mellom anna spør ho: "Hvor fri er jeg? Blir man noen gang helt fri fra folks forventninger og fordømmelser?" og "Viser denne toppen for mye hud? Viser denne kjolen for mange former?" Dette er nok vanlege tankar hos unge kvinner i dag. Dei kjenner på eit press fordi dei ønskjer å leve opp til dei usynlege forventningane frå alle rundt seg. Medier har lenge skrive om press, stress og "flinke jenter" som skal ha perfekt kropp, gode karakterar og mange vener. Også Ungdata-undersøkingane viser at kjensler som stress og press er vanleg blant norske ungdommar, og då spesielt jentene: "I en kunnskapsoversikt frå 2016 framhever Sletten og Bakken to områder som spesielt relevante å se nærmere på: skolerelatert stress og krav og press knyttet til kropp og utseende" (Ungdata, 2020).

Heilt skamlaust er det nok ikkje mogleg å leve. Og kanskje er det bra? For mennesket er eit flokkdyr som instinktivt tilpassar seg omgivnadene sine for å passe inn. Sofias historie er uansett ei forteljing om korleis unge menneske strevar med å finne, og velje, ein identitet. Ho vel å ta på seg hijab som elleve-åring fordi ho tykkjer det er fint. Som ung kvinne vel ho å ta den av. Ho seier: "Jeg har tatt nok hensyn til andre, det er på tide å leve sånn jeg vil". Slike valmoglegheiter hadde nok ikkje Helga. Ho måtte ta omsyn til ætta og visste at om ho gjorde noko som var skamfullt, ville det føre til ærestap for heile slekta.

Dei to tekstane om livet til unge kvinner, fortalde med 1000 års mellomrom, viser oss altså at valmoglegheitene og innverknaden til kvinner over eige liv har forandra seg mykje. Helga må ta omsyn til kollektivet, medan dagens unge kvinner først og fremst kan tenkje på seg sjølv. Men Sofias historie viser òg at me har mange uformelle normer å ta omsyn til, sjølv om dette kanskje ikkje er så bevisst. Det går ikkje an å spå i framtida, men ein kan tippe at kvinner i Noreg i år 3000 òg lever i fridom. Som flokkdyr flest vil dei likevel òg søkje aksept ved å tilpasse seg forventningane. Men kva for nokre uskrivne normer som gjeld for kvinna i framtida, det veit me ingenting om.

Kjelder

Dahl, Ø. (2019). Kollektivistiske og individualistiske kulturar. NDLA. Henta frå https://ndla.no/nb/subject:18/topic:1:194233/topic:1:78246/resource:1:129336?filters=urn:filter:b9e86c43-93b8-49e9-81af-09dbc7d79401

Moen, M. (2019). Kjønn og seksualitet i vikingtid. Senter for tverrfaglig forskning, UiO. Henta frå https://www.stk.uio.no/forskning/stks-temasider/pride/kjonn-og-seksualitet-i-viktigtid.html

Næss, M.A. (1999). Kjærleik og ekteskap i norrøn mellomalder. Kilden kjønnsforsking. Henta frå https://kjonnsforskning.no/nb/1999/02/kjaerlighet-og-ekteskap-i-norron-middelalder

Tromp, C (2015). Med buksene på. Morgenbladet. Henta frå Morgenbladet.no.

Ungdata (2020). Stress, press og psykiske plager blant unge. Henta frå https://www.ungdata.no/stress-press-og-psykiske-plager-blant-unge/#

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2021

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel