"Pigen på anatomikammeret" – ei logisk nøtt - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

"Pigen på anatomikammeret" – ei logisk nøtt

Av og til er dikt så logiske, at dei kan verke som eit mattestykke. For å oppdage dette må du studere diktet nøye. No skal du få prøve deg på eit dikt av Wergeland og sjå om du klarer å oppdage logikken.

Mange synest at Henrik Wergeland sine dikt er vanskelege å forstå. Det er ikkje rart! Språket verkar gammaldags for oss på 2000-talet, og mange av dikta er så fulle av språklege bilete, at det kan vere vanskeleg å forstå innhaldet.

Det er eit slikt dikt vi skal lese no. Derfor kjem vi til å lese diktet i fleire etappar, der målet er at du skal få auka forståinga etter kvart. Du vil òg kunne få hjelp undervegs.

Oppgåve 1. Eit romantisk dikt som ei logisk nøtt

I denne oppgåva skal du først lese og forstå innhaldet i diktet "Pigen på anatomikammeret" og deretter prøve å finne den indre logikken i teksten.

Etappe 1: Kva betyr tittelen?

I 1836 gav Henrik Wergeland ut diktet "Pigen paa anatomikammeret".

Diskuter i grupper:

  • Forstår de tittelen? Kva betyr "pige" og kva betyr "anatomikammeret"? Viss de ikkje veit, så bruk ordboka Det Norske Akademis Ordbok.
  • Kva forventningar gir tittelen? Kva trur de diktet kan handle om?
  • Diktet har eit "lyrisk eg", ein mann. Kva kan vere yrket hans?

Etappe 2: Les og forstå

  1. Les først diktet stille for deg sjølv. Trykk på alle ordforklaringar undervegs i lesinga om du treng hjelp til å forstå ord. Skriv ned alt du forstår i diktet og alt du ikkje forstår.
  2. Gå saman i par. Les diktet høgt for kvarandre. Gjer det same som i førre oppgåve.
  3. Skriv ned spørsmål til diktet som de gir til læraren dykkar. Be hen gå gjennom spørsmåla for å hjelpe dykk til ei betre forståing av teksten.
  4. Det er viktig at de forstår motivet i diktet godt før de går vidare til neste etappe. Les derfor gjennom "Lesehjelp til Pigen på anatomikammeret" under sjølve diktet, om de framleis er i tvil om kva som skjer i diktet.

Pigen på anatomikammeret

– – – – Jo det er Hende! O lys hid!
Og slip Kniven end paaglid
i denne Hjerte!
O, der er Vittighed
i Lampens Blik, som stirrer ned
paa denne døde Smerte.

Saa kold dengang den saae
den stolte Verden jo derpaa?
Og frække Øine skar
det Slør igjennem tidligt, som
den stakkels Piges Fattigdom
af gyldne Drømme bar.

Som Blomst i Isen frosset ind
jeg seer et Træk paa denne Kind,
som vel jeg bør at kjende.
Thi Fryden i min
før altfor høit min Skulder steeg
– – o var den ikke Hende.

Tvertsover boed’ Hun for os,
i født som i sit
paa Taget
Folk kun fatted ,
at Blod saa fagert og saa
af Fattigfolk var kommen.

Ak, mangt sligt dog jeg
som Pragt
som !
Dem Skjebnens Haand for vel tog
og Syndens Spor dem
som Sneglens Sliim paa Løvet.

(Henrik Wergeland, 1836)

Lesehjelp til "Pigen på anatomikammeret"

– – – – Jo det er Hende! O lys hid!
Og slip ei Kniven end paaglid
i denne Armes Hjerte!
O, der er rædsom Vittighed
i Lampens Blik, som stirrer ned
paa denne døde Smerte
.

(Diktet startar med eit utrop frå det lyriske eget. Han jobbar i eit anatomikammer – ein stad der lik blir dissekerte. Framfor han ligg liket av nokon han kjenner igjen, og han ber om at dissekeringa blir stoppa.)

Saa kold dengang den aanded saae
den stolte Verden jo derpaa?
Og frække Øine skar
det Slør igjennem tidligt, som
den stakkels Piges Fattigdom
af gyldne Drømme bar.

(Det lyriske eget tenkjer tilbake. Vi forstår at han minnast den døde jenta, og han seier at den unge jenta blei fødd i fattigdom og hadde "gyldne drømmer" som verda og "frække øine" etter kvart som livet hennar utvikla seg, øydela.)

Som Blomst i Isen frosset ind
jeg seer et Træk paa denne Kind,
som vel jeg bør at kjende.
Thi Fryden i min Barndomsleeg
før altfor høit min Skulder steeg
– – o var den ikke Hende.

(Han ser på henne som ligg død framfor seg og prøver å hugse kvar han har henne frå. Han finn ut at dei leika saman med stor glede då dei begge var barn.)

Tvertsover boed’ Hun for os,
i Armod født som i sit Mos
paa Taget Stedmorsblommen.
Fornemme Folk kun fatted svært,
at Blod saa fagert og saa skjært
af Fattigfolk var kommen.

(Han minnast vidare at dei budde tvers over kvarandre, og at ho kom frå fattige kår. Men ho var vakker både innvendig og utvendig, så vakker at velståande menneske ikkje kunne fatte det.)

Ak, mangt sligt Aasyn dog jeg saae
som Maanedsrosens Pragt forgaae,
som Sommerfuglestøvet!
Dem Skjebnens Haand for haardt vel tog
og Syndens Spor dem overjog
som Sneglens Sliim paa Løvet.

(Det lyriske eget seier at han har sett dette skje med mange fattige jenter. Dei endar opp i fortviling og prostitusjon, trass i at dei er uskyldige og fulle av forhåpningar som små barn.)

Etappe 3: Dei språklege bileta i diktet

Wergeland brukte mange språklege bilete i dikta sine, og sidan han var ein romantikar, valde han ofte bilete frå naturen.

Strek under dei språklege bileta i diktet og set riktig namn på dei. Her er det døme på metaforar, besjelingar og samanlikningar.

Relatert innhald

Etappe 4: Logikk og lyrikk

Når du har forstått motivet i diktet og sett på den utstrakte bruken av språklege bilete, er det på tide å gå tettare inn i teksten. Wergeland var kjend for å skrive spontant, og dikta kan sjå ut som dei er skrivne etter innfallsmetoden, men om du nærles "Pigen på Anatomikammeret", vil du sjå at dette slett ikkje er tilfelle.

Jobb i par:

  1. Gjer oppgåva som heiter "klassifiser dei språklege bileta i diktet under". Her skal du plassere nokre utvalde språklege bilete frå diktet til venstre eller høgre.
  2. Studer dei språklege bileta etter at du har klassifisert dei og les gjennom diktet ein gong til. No kjem det ein påstand de skal prøve å fullføre:
    • "Alle dei språklege bileta som er positive, blir brukte til å beskrive ..., mens dei negative beskriv ..."
  3. Samanlikn det du har skrive med notata til andre i klassen. Har de skrive det same? Viss ikkje – grunngi for kvarandre!

Etappe 5: Språklege bilete og tema

Diskuter i plenum:

  1. Kva meiner de er temaet i diktet?
  2. Korleis har Wergeland brukt språklege bilete for å framheve temaet?
  3. Korleis kan nærlesing av dikt hjelpe dykk til å forstå litteratur betre?

Oppgåve 2

Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven var kjende for å vere fiendar. Dei var til dømes svært ueinige om korleis dikt skulle skrivast. Les fagartikkelen "Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven" og finn ut kva dei var ueinige om:

Oppgåve 3

  1. Les og tolk diktet "Det tornede tre" (under).
  2. Samanlikn tematikken i diktet med Henrik Wergeland sitt dikt "Pigen paa anatomikammeret".
  3. Skriv ein argumenterande tekst der du viser at Johannes Sebastian Welhaven og Henrik Wergeland ikkje var så ulike som alle skal ha det til. I argumentasjonen din skal du vise til tematikken i "Pigen paa anatomikammeret" og "Det tornede tre".
  4. Diskuter om temaet i tekstane er relevant i dag.

Det tornede tre

Ynder du treet, da må du ei hade
Den hvasse torn mellom blomster og blade;
Da treet var ungt med den blødeste hud,
Ble det et stanset, forkommet skud:
En torn er en kvist, der har taget skade.

Tenk, hva et spirende liv må lide,
Hvor mørket ruger og tåkene skride!
Ja, se deg om på den fattige plett,
Hvor treet led og ble tornekledt,
Og bar dog blomster, duftende, blide.

Blant all den glede, en vår utfolder,
Er tornen et savn, som planten beholder.
Den siger i vekstenes stumme sprog:
"jeg sårer, men akk, jeg gjemmer dog
en større smerte enn jeg forvolder."
(J.S. Welhaven, 1838)

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2020