Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gå i djupna på førestillingar om livet

Det finst mykje litteratur som beskriv det som var og det som ein gong skal kome. Eit viktig motiv i denne litteraturen er kampen mellom dei gode og dei vonde kreftene, mellom kaos og orden.
Cate Blanchett i Ringens brorskap i 2001. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til alle tider og i alle kulturar har menneska omgitt seg med mytiske forteljingar om fortid og framtid, om det som var og det som skal kome. Slik litteratur blir ofte omtalt som visjonslitteratur.

Science fiction er ei nemning på ulike former for moderne, fantastisk litteratur. Omgrepet blei opphavleg brukt om litteratur som handlar om framtida. Her er teknologiske nyvinningar og innverknaden dei har på samfunnet sentrale tema.

Før du startar:

Kvifor trur du det finst så mange historier som fortel om korleis verda blei skapt og korleis ho kjem til å gå under?

Oppgåve

Del 1

Vel to eller fleire tekstar som du samanliknar. Du kan òg trekkje inn andre tekstar du kjenner med same tema og låne bøker på biblioteket. Vi gir deg nokre forslag:

Eldre tekstar

Eldre tekstar

Tittel

Sjanger

Lenkje til tekst

Voluspå

Eddadikt

Heimskringla.no

Johannes` openberring 6, 1–17

Apokalypse, Det nye testamentet

Bibel.no

Rolandskvadet

Kvad

ndla.no.

Josva 6, 1–6

Bok i Den hebraiske bibelen/Det gamle testamentet

Bible.com

Den gylne tida og korleis ho tok slutt

Samisk eventyr

ndla.no

Nyare tekstar

Nyare tekstar

Tittel

Sjanger

Lenkje til tekst eller omtale

Ringenes herre – Ringens brorskap (2001)

Filmatisert roman

Sjå klipp under

"Kodémus" (1968)

Novelle

ndla.no

Bienes historie (2015)

Roman

nrk.no (omtale)

Dødslekene (The Hunger Games) (2008–2010)

Roman/film

snl.no (omtale)

1984

Roman

snl.no (omtale)

Ringenes herre – Ringens brorskap


Spørsmål til tekstane

Spørsmåla under hjelper deg til å sjå etter likskapar og forskjellar. Ikkje alle spørsmåla er relevante for alle tekstane.

Motiv og tema

  1. Kva seier teksten om situasjonen før jorda blei til?
  2. Korleis kjem vondskapen inn i verda?
  3. Korleis blir jordas undergang beskriven?
  4. Kven har skylda for at jorda går under eller at samfunnet bryt saman?
  5. Beskriv teksten korleis jorda skal stå opp igjen eller bli redda? Korleis ser ho ut då?
  6. Kva er hovudbodskapen i tekstane, trur du?

Form

Beskriv og samanlikn språk og forteljarstruktur i teksten.

  1. Kva sjangertrekk finn du i tekstane?
  2. Korleis startar forteljinga?
  3. Korleis sluttar forteljinga? Er det med eit håp, eller er alt håp ute?
  4. Kven fortel historia? Er det ein eg-forteljar, eller er forteljaren ei fluge på veggen?
  5. Korleis påverkar val av forteljar korleis du opplever historia?
  6. Finn du nokon faste formuleringar som liknar kvarandre i tekstane du samanliknar?
  7. Er det magiske gjenstandar i tekstane? Kva funksjon har desse i så fall?
  8. Kva personar og/eller gjenstandar kan representere det gode og det vonde i teksten?

Del 2

Presenter samanlikningane for klassen og diskuter etterpå:

  • Kva trekk går igjen i dei fleste tekstane de har lese?
  • Kva bodskap har tekstane? Skriv det opp på tavla eller i eit samskrivingsdokument.
  • Kva tenkjer de no om kvifor det finst så mange historier som fortel om korleis verda blei skapt og korleis ho kjem til å gå under?
Tips til lærar
  • Formålet med presentasjonane er å dele det elevane har funne ut, ikkje at dei skal bli vurderte. Kunnskapen skal/kan dei bruke i ei av skriveoppgåvene i del 3.
  • Viss det er fleire som har valt same tekstar, kan dei samarbeide om ein felles presentasjon. La maksimum to elevar presentere saman.
  • Trekk ut elevar/grupper som samanliknar ulike tekstar, slik at klassen samla sett får innsikt i tekstmangfaldet.
  • Set ei maksimumsgrense på til dømes 5–7 minutt på presentasjonen. Gi gjerne ei liste over kva som skal vere med, slik at elevane får ei presis og god framstilling. Dei kan ha med

    • ei kort utgreiing om tekst, sjanger, årstal og motiv
    • dei viktigaste forskjellane mellom tekstane
    • dei viktigaste likskapane i tekstane
    • samanlikning av bodskap

Del 3

Vel ei skriveoppgåve der du bruker lærdommen din om litteratur som handlar om førestillingar om livet.

  1. Kreativ skriveoppgåve

    Skriv eit dikt eller ei kort forteljing om korleis du ser for deg tilværet tusen år fram i tid.

  2. Samanlikning

    Skriv ei samanlikning av dei to tekstane basert på det du har svart på spørsmåla over.

  3. Fagartikkel

    Skriv ein fagartikkel der du drøftar spørsmålet:
    Kvifor finst det så mange historier som fortel om korleis verda blei skapt og korleis ho kjem til å gå under?

    I drøftinga skal du trekkje inn døme frå minst to av tekstane som klassen har lese og samanlikna.

Relatert innhald

Visjonslitteratur er dikting som prøver å skildre ei hinsidig verd. Mange av tekstane handlar om det som skjer med menneska etter døden.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2021

Læringsressursar

Mennesket og maktene