Til Valhall!
Sit saman i grupper. Sjekk forkunnskapane dykkar:
- Veit de kva Valhall er? I så fall: Kva veit de om Valhall?
- Kjenne de til moderne bruk av ordet Valhall? Kom med døme.
Under ser du korleis Valhall blir beskrive i dei norrøne kjeldene vi har. Les gjennom dei og skriv med eigne ord:
- Beskriv Valhall. Korleis er livet der? Korleis ser det ut? Kven kjem til Valhall?
- Kva verdiar synest du kjem til syne i strofene under?
Frå Eiriksmål | Frå Gylfaginning | Frå Grimnesmål |
---|---|---|
Hva drøm er dette? (kvad Odin) | Fem hundre dører | Si meg for det ellevte: |
Under ser du tre ulike måleri av Valhall. Samanlikn framstillingane i desse med tekstane du las i del 2.
For vikingane var Valhall målet og eit ord med positive assosiasjonar. I dag er det ikkje nødvendigvis slik.
- No skal de jobbe i grupper på tre. Under ser de tre oppdrag, og de skal ta eitt kvar. Bruk internett til å finne svar på oppdraga under.
- Etter at de har gjort oppdraga skal de fortelje kvarandre om funna de gjorde.
Oppdrag 1
Kven skreiv "I will see you all in Valhalla!" på eit nettforum og fekk legendestatus blant høgreekstreme? Kven hadde denne mannen som førebilete?
Oppdrag 2
Kven var inspirert av personen frå oppdrag 1 og skreiv "Det har vore gøy. Valhall ventar.". Kva for eit politisk syn hadde han?
Oppdrag 3
«Valhall ventar!» brukte ei gruppe norske menneske som slagord då dei var på oppdrag i utlandet. Kven var dette, og kva reaksjonar vekte videoen då han nådde norsk offentlegheit?
- Diskuter i grupper: Kvifor trur de den norrøne mytologien generelt og Valhall spesielt fengjer høgreekstreme og norske soldatar i Afghanistan?
- Diskuter temaet i klassen. Pass på at poenga til alle gruppene blir skrive opp på tavla.
- Skriv ein tekst på ca. 500 ord der du reflekterer over spørsmålet de diskuterte i oppgåve 5a. Bruk gjerne sitat frå Eiriksmål, Gylfaginning og Grimnesmål i refleksjonen din.