Wergeland og Fugelli takkar av
- Sjå traileren til filmen Siste resept på YouTube under. Kva for eit inntrykk får de av Per Fugelli?
Bruk internett til å lese om Per Fugelli. Til dømes kan de søkje opp besøket hans på programmet Trygdekontoret på NRK. Finn ut:
- Kva tema var Fugelli oppteken av?
- Kvifor blei han så kjend?
Les den siste kronikken Per Fugelli skreiv: "Takk Norge – og god vakt" på Aftenposten.
- Kva meiner du er hovudsynet i kronikken? Grunngi ved å vise til minst eitt sitat.
- Kvifor ønskjer Fugelli å takke Noreg? Kva er det han trekkjer fram som dei beste sidene ved landet vårt? Grunngi ved å bruke sitat.
- Fugelli peikar på nokre faresignal – farar som kan true det norske samfunnet. Kva farar er det?
- Kva verkemiddel bruker Fugelli for å formidle bodskapen sin?
Sit i grupper og diskuter Fugelli sin tekst:
- Kva er det Fugelli er takknemleg for?
- Er de einige i den skildringa Fugelli gir av Noreg? Grunngi svara dykkar.
- Kva trur de Fugelli meiner når han avsluttar kronikken med å skrive "Takk Noreg – og god vakt"?
Henrik Wergeland døydde berre 37 år gammal. Akkurat som Per Fugelli skreiv han tekstar på dødsleiet. No skal du lese eitt av hans mest kjende dikt: "Til foraaret".
Medan du les, skal du skrive ned alt det som det lyriske eget takkar for i livet sitt, det eget er takknemleg for, og det det vender seg direkte til.
Til foråret
O Forår! Forår! redd meg!
Ingen har elsket deg ømmere enn jeg.
Ditt første Gress er meg mere verd end en Smaragd.
Jeg kaller dine anemoner årets pryd,
skjønt jeg nok vet, at rosene ville komme.
Ofte slynget de fyrige seg etter meg.
Det var som å være elsket av prinsesser.
Men jeg flyktet: Anemonen, forårets datter, hadde min tro.
Og vidn da, Anemone, som jeg fyrigen har knelet for!
Vidner, foraktede løvetand og leirfivel,
at jeg har aktet dere mer enn gull, fordi dere er forårets barn!
Vidn, svale, at jeg gjorde gjestebud for deg som for et
hjemkommet fortapt barn, fordi du var forårets sendebud.
Søk disse skyers herre og be, at de ikke lenger må ryste nåler
ned i mitt bryst fra deres kalde blå åpninger.
Vidn, gamle tre, hvem jeg har dyrket som en guddom
og hvis knopper jeg hvert forår har talt ivrigere enn perler!
Vidn Du, som jeg så ofte har omfavnet
med en sønnesønssøns ærbødighet for sin oldefar.
Ah ja, hvor titt har jeg ikke ønsket å være en ung lønn
av din udødelige rot og å blande min krone med din!
Ja, Gamle, vidn for meg! Du vil bli trodd.
Du er jo ærverdig som en patriark.
Be for meg, skal jeg øse vin på dine røtter
og lege dine arr med kyss.
Din krone må alt være i sitt fagreste lysgrønt,
dine blader alt suse derute.
O forår! den gamle roper for meg, skjønt han er hes.
Han rekker sine armer mot himlen og anemonene,
dine blåøyde barn, kneler og ber at du skal
redde meg – meg, der elsker deg så ømt.
(1845)
Gå saman i par eller grupper:
- Samanlikn notata dykkar.
- Oppsummer: Kva er det eget, som ligg på dødsleiet, er takknemleg for og takkar for i diktet?
- Kva forhold meiner de eget har til det å døy? Grunngi ved å bruke sitat frå dikta.
Jobb i par og fyll ut skjemaet under. Etterpå kan de laste ned det de har skrive til PC-en dykkar.
Den personlege konteksten i begge tekstane er at forfattaren ligg på dødsleiet. Dei ønskjer å takke for det dei har sett mest pris på i livet.
Men kva rolle speler den kulturhistoriske konteksten? Dette skal du svare på ved å lese om
- velferdsstaten og den nordiske modellen
den litterære epoken som heiter romantikken. Legg vekt på:
- kva syn romantikken hadde på kjensler og fornuft
- kva rolle naturen spelte i romantiske tekstar
- kvifor Henrik Wergeland blir kalla "diktaren av augeblinken"
Relatert innhald
Målet til den norske velferdsstaten var å sikre alle norske innbyggarar eit økonomisk tryggleiksnett.
Romantikken oppstod på slutten av 1700-talet. Enkeltindividet kom i sentrum. Det ble lagt vekt på kjensler, fantasi, religion, natur og folkekultur.
Gå saman i par.
Kva om Henrik Wergeland hadde hatt ein telefon på dødsleiet. Plutseleg fekk han ei melding frå Per Fugelli, også han på dødsleiet. Korleis ville samtalen vore?
Lag ein fiktiv samtale der de får fram
- kva Per Fugelli ville fortalt Wergeland om korleis Noreg hadde utvikla seg sidan Wergeland levde
- kva Wergeland ville spurt Per Fugelli om
- likskapar og forskjellar i kva dei var opptekne av
Ein ekstra bonus er det om de klarer å skrive som høvesvis Wergeland og Fugelli. Legg til dømes merke til at Wergeland bruker mykje utrop, direkte førespurnader og eit lidenskapeleg språk.
Tips: Til å lage samtalen kan de bruke nettsida ifaketextmessage.