Oppgåve
Smeden og bakaren som teikneserie
Smeden og bageren er ei humoristisk forteljing i verseform, skriven av Johan Herman Wessel på slutten av 1700-talet. Forteljinga blei seinare illustrert av Theodor Kittelsen som ei form for teikneserie i "Stomperudstil".
Får du går i gang med oppgåva bør du gjøre deg kjent med forteljinga:
Johan Herman Wessel sin tekst Smeden og bageren
Studer forslaget til førsteside til ein moderne teikneserie om Smeden og bakeren.
- Kva for visuelle verkemiddel brukar teiknaren for å formidle det som skjer?
Samanlikn det visuelle uttrykket i Theodor Kittelsens illustrasjonar til Smeden og bageren med den moderne versjonen.
- Kva er likt?
- Kva er forskjellig?
Lag deretter biletmanus til anslaget i ein teikneserie eller ein teiknefilm med utgangspunkt i forteljingaSmeden og bakeren der du sjølv vel visuell profil.