Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Camilla Collett – ei modig kvinne

I denne oppgåva skal du lese både skjønnlitteratur og sakprosa skriven av Camilla Collett. Målet er å forstå kva ho ville fortelje med tekstane sine. Kanskje vil du òg oppdage kor modig ho var? Til slutt skal du skrive eit brev til henne som ho sikkert hadde blitt glad for å få.

Del 1: Film om Camilla Collett

Sjå filmen og fortel att med eigne ord:

  1. Kvifor gav Camilla Collett ut boka Amtmannens døtre anonymt?

  2. Kva opplysningar gir filmen om kva som avgrensa livet til kvinner på 1800-talet?

  3. Kvifor var Collets tankar, og romanen hennar, revolusjonerande for si tid?

  4. Korleis viser hendingar frå Camilla Collets privatliv at kvinner på 1800-talet var undertrykte?

Del 2: Collett før Brandes

Portrett av Camilla Collett. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 1871 inspirerte Georg Brandes dei norske forfattarane til å skrive samfunnsengasjert litteratur då han i eit foredrag sa: "Det at ein litteratur lever, viser seg i at han set samfunnsproblem under debatt".

Men les kva Camilla Collett skreiv i 1864. Dette er sju år før Brandes si berømte erklæring:

Ja vel er den tid forbi da en forfatter kun nærte sitt publikum med hjernespinn, da dette lot seg lulle inn i drømmer om tilstander der ingensteds hørte hjemme (…) nutildags må han frem med sannheten, og sannheten er nærgående, den irriterer(…) Det er forfatterens kall, hans store skjønne, – vanskelige kall, å samle alle disse virkelighetenes spredte trekk, samle dem, ordne dem i sin indre skjulte sammenheng til et helt, hin kulde og sløvhet rystende bilde. Jo mer han formår dette og kan vekke hin deltagelse, jo mer ergerlig, jo mer oppirret mot seg han kan gjøre sine lesere, jo sikrere har han løst sin oppgave… (Naper, 1994, s. 148)

  1. Fortel att bodskapen i utdraget med eigne ord.

  2. Kvifor trur de ikkje dette sitatet utløyste eit skred av samfunnsengasjert litteratur slik Brandes sine ord gjorde?

Tips

Bruk nokre av opplysningane du fekk frå filmen i del 1 til å svare på del 2b.

Del 3: Les Amtmannens døtre

Amtmannens døtre handlar om 16 år gamle Sophie. Ho tilhøyrer borgarskapet, og den vanlege skjebnen for unge kvinner frå denne klassen er å bli gifta bort som ung.

Språket er modernisert, men kan likevel verke gammalmodig. Du kan velje om du vil

  1. lese teksten like under oppgåve b. Her har vi stykka opp teksten for deg og lagt inn "forstod du-spørsmål".

  2. lese utdraget i sin heilskap i den relaterte artikkelen "Amtmannens døtre" som du finn om du skrollar heilt ned på sida

Del 4: Diskuter teksten

Aleine

  1. Skriv ned to setningar frå utdraget som du synest viser tendensen i teksten – altså setningar som viser noko om bodskapen Camilla Collett ønskjer å nå fram med til lesarane sine.

Dramatisering av Camilla Colletts "Amtmannens døtre". Fleire unge menneske pynta i fine klede spaserer i ein hage. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I grupper

  1. Les setningane de har valt høgt for kvarandre.

  2. Diskuter kva som er bodskapen i teksten.

  3. Diskuter korleis bodskapen kjem fram.

  4. Kva kan vere grunnen til at Camilla Collett valde å kritisere samfunnet ved å skrive ein roman? Kvifor skreiv ho ikkje ein saktekst?

  5. Kvifor trur de vi har kalla Camilla Collett "ei modig kvinne"?

Del 5: Camilla Colletts ønskedraum

Side frå Camilla Colletts dagbok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Les utdraget frå essayet "Om kvinden og hennes stilling stilling" som du finn som relatert artikkel heilt nedst på denne sida.

  2. Diskuter kva du meiner er hovudsynet i teksten med ein medelev.

Del 6: Skriv eit brev til Camilla Collett

I utdraget frå essayet "Om kvinden og hennes stilling stilling" skriv Camilla Collett:

En dag vil komme, da saken forløser seg selv. Bevisstheten om dens rett vil da ha gjennomtrengt hele samfunnsatmosfæren. Vi innånder den med luften; den vil gå som blomsterstøvet med vinden, usynlig, ufattelig, og med uimotståelig makt vil den gripe alle, både underkuerne og de forkuede. Da, når alles ører er oppladte for å høre, vil det være likegyldig hvem som taler, mann eller kvinne.
Ligger denne tid meget fjern?

  1. Skriv eit brev til Camilla Collett der du fortel korleis det står til med kvinnene sine kår i dag. I brevet skal du vise kunnskap om kvinner sine kår på 1800-talet og gjerne vise til handlinga i romanen Amtmannens døtre. Viss du har kunnskap om mannlege forfattarar på 1800-talet som skreiv litteratur om kvinnerolla, så fortel gjerne Camilla Collett om desse.

  2. Les breva de skreiv til Camilla Collett høgt for kvarandre i grupper og diskuter: Har de beskrive kvinner sine kår i dag på ein lik måte?

Kjelder

Naper, C. (1994) Jakta på kvalitet. Oslo: Pax. Henta frå http://urn.nb.no/urn:NBN:no-nb_digibok_2008010304049

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 02.09.2021

Læringsressursar

Likestilling, kropp og seksualitet