Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dykk i djupet på temaet kvinnekamp

Kvinner som kjempar mot undertrykking er eit motiv du møter i litteraturen frå 1800-talet og fram til i dag. Konteksten har endra seg, men har kampane eigentleg det? Gå i djupna på temaet ved å sjå på tekstar frå ulike periodar.

Å fordjupe seg betyr ifølgje ordboka "å gå til botnar" og "samle tankane sine". Når du dykkar i djupet på eit emne, vil du sannsynlegvis både få meir kunnskap og forstå meir. Denne oppgåva legg vekt på det norskfaglege, men i djupnelæring kan det vere lurt å trekkje inn kunnskap frå fleire fag for å forstå temaet godt. Når du skal fordjupe deg i temaet kvinnekamp, passar nok særleg samfunnsfaglege og historiske emne inn.

Kva er djupnelæring?

Djupnelæring inneber at du

  • skal avdekkje kva du kan om eit tema

  • skal byggje opp ny kunnskap gradvis. Bruk gjerne mange ulike teksttypar: dokumentarfilmar, fiksjonsfilmar, saktekster og skjønnlitteratur

  • ser etter likskapar og forskjellar mellom tekstane

  • byggjer kunnskap i samspel med både medelevar og læraren din: diskuter, vurder og lytt!

  • analyserer og reflekterer over tekstane du bruker undervegs

  • reflekterer over eiga læring undervegs og mot slutten av prosessen. Kan noko av det du har lært overførast på andre tema eller brukast i andre samanhengar?

Tilrådingar

Somme av tekstane vi tipsar deg om under, er utdrag frå bøker. Om du verkeleg vil gå i djupna, bør du lese ei heil bok. Somme av bøkene har vi lenkja til digital utgåve her. Dei andre kan du låne på biblioteket.

Eit godt tips i startfasen er å lage ei problemstilling du ønskjer å finne svar på. Skriv gjerne ned nokre spørsmål du lurer på heilt i starten. Etter kvart kan du forme desse spørsmåla til ei problemstilling. Ikkje ver redd for å endre formuleringa i problemstillinga undervegs. Hugs at problemstillingar er dynamiske!

Tema: Kvinner som gjer opprør

Med opplysingstida si vekt på fridommen til individet voks det òg ei kvinnerørsle fram frå midten av 1800-talet. Dei arbeidde for at kvinner skulle få like rettar som menn. Forfattarar i tida skreiv om viktige saker som undervisning, ekteskap, arbeidsliv, sedskap og røysterett.

Dagens forfattarar behandlar nokre av dei same temaa, for sjølv om likestillinga har komme langt i Noreg, er det område i samfunnet der menn dominerer, og kvinner blir haldne nede.

Forslag til problemstillingar

  • Kva forventningar stiller dagens samfunn til kvinner, ifølgje ulike tekstar?

  • Kva er dei viktigaste forskjellane mellom kvinnerolla på 1800-talet og den moderne kvinnerolla?

  • Korleis framstiller ulike tekstar karakterar som kjempar mot samfunnsnormene?

Forslag til korleis du kan leggje fram funna dine

I norskfaget er det forventa at du trekkjer inn døme frå tekstar du har lese når du skal presentere emnet du har fordjupa deg i. Her kjem forslag til korleis du kan leggje fram funna dine:

  • Skriv ein fagartikkel der du reflekterer over ulike perspektiv på kvinnekamp.

  • Lag ein podkast. Gå saman i grupper på tre eller fire og diskuter dei ulike perspektiva på kvinnekamp som kjem fram i tekstane.

  • Hald eit foredrag om ulike perspektiv på kvinnekamp i tekstar.

  • Foredrag med rollespel: Gå saman i grupper. Hald eit foredrag, men veksle mellom klassisk foredrag og rollespel. Bruk scener frå tekstane de har lese for å illustrere poenga de vil ha fram.

  • Arranger ein klassediskusjon. Alle i klassen les tekstar. Vel ut to medelevar som skal leie diskusjonen.

Tekstforslag

Kulturelle dimensjonar

Les!

Sjå og lytt!

Amtmannens døtre (1854) Camilla Collett Stikkord: ein kritikk av 1800-talets kvinneideal

Hva vil folk si? (2017) av Iram Haq. Spelefilm. Stikkord: Nisha er i ei dobbeltrolle der ho vekslar mellom å vere ei vanleg norsk ungdomsjente og ei pliktoppfyllande pakistansk dotter.

Et dukkehjem (1879) av Henrik Ibsen

RBG (2018) Dokument om høgsterettsdommar Ruth Bader Ginsburg. Stikkord: kampen for eigne og andre kvinner sine rettar

Jenny (1911) av Sigrid Undset. Stikkord: om forholdet mellom kjønna, seksualitet og ekteskap

Jane Eyre (2011). Filmatisering av Charlotte Brontës roman frå 1847. Stikkord: Om korleis sjølvrespekt trumfar både pengar, kjærleik og fordommar.

Det annet kjønn (1949) av Simone de Beauvoir. Stikkord: Kan kvinna frigjere seg frå situasjonen som nummer to i samfunnet?

F-ordet (NRK) med Ulrikke Falch. Stikkord: Om korleis kjønn og kjønnsroller påverkar kva forventningar unge blir møtte med.

Av måneskinn gror det ingenting (1947) av Torborg Nedreaas. Stikkord: ulykkelege kjærleiksforhold og illegale og sjølvpåførte abortar

Hustruer (1975) av Anja Breien. Stikkord: Om tre unge kvinner som byrjar å oppføre seg som menn.

Egalias Døtre (1977) av Gerd Brantenberg. Stikkord: I fantasilandet Egalia er alt snudd på hovudet: Kvinnene styrer, mennene er undertrykte.

Kjønnsavdelingen. Podkast med Madeleine Schultz og Mari Lilleslåtten. Stikkord: om kjønn og likestilling

Kvinneakvariet (1972) av Bjørg Vik. Stikkord: noveller som tek opp kjønnsrollemønster

Baderomsliv (NRK). Finsk ungdomsserie. Stikkord: Om to unge kvinner som prøver å finne ut kven dei er, og kva dei vil gjere med livet.

Hvem bestemmer over Bjørg og Unni? (1972) av Liv Køltzow. Stikkord: To kvinner gjer opprør og byrjar å engasjere seg politisk.

Kusama: Infinity. Dokumentar. Stikkord: Om den japanske kunstnaren sin kamp for anerkjenning i den mannsdominerte kunstverda i både USA og Japan frå 60-talet til i dag.

Fittstim (1999). Belinda Olsson, Linda Skugge (red.) Stikkord: Svenske kvinner skriv om korleis dei har kjend seg oversette, undertrykte og diskriminerte på grunn av sexisme.

Skamløs (2017) av Bile, Herz, Srour

Skal du ikke gifte deg snart? (2021) av Nancy Herz. Stikkord: om mors forventning til det å bli gift og sosial kontroll

Jenteloven (2018) av Ulrikke Falch og Sofie Frøysaa

Et eget rom (1929) av Virginia Woolf. Stikkord: om kvinners moglegheit til sjølvrealisering

Jenter på do (2021) av Ida Lórien Ringdal. Stikkord: Korleis leve med skeivskapen mellom kjønna i samfunnet?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Caroline Nesbø Baker og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Likestilling, kropp og seksualitet