Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rulletrappen – ein allegori over livet?

Kortfilmen Rulletrappen av Christopher Nielsen handlar om menneske som bruker livet på å gå oppover ei rulletrapp som går nedover. Kva kan filmen vere ein allegori over?

Oppgåve 1

Sjå filmen Rulletrappen av Christopher Nielsen. Diskuter deretter i grupper:

  1. Den konkrete handlinga i filmen er menn som går oppover ei rulletrapp. Kva kan dette vere ein over? Grunngi svaret.

  2. Kva funksjon meiner de karakteren som tviler og stiller spørsmål, har i filmen?

Oppgåve 2

Filmen kan tolkast som ein allegori over det moderne livet. Diskuter om de kan kjenne dykk igjen i filmen. Ta utgangspunkt i spørsmåla under:

  • Er det slik at vi alle gjer det same i livet – utan heilt å vite kvifor? Kom med døme.

  • Er A4-livet meiningslaust og mållaust? Grunngi svaret ditt.

  • Kva for usynlege forventningar som vi skal oppfylle, møter vi i dag?

  • Burde fleire ha tvilt på dei usynlege forventningane i samfunnet og stilt spørsmål? Korleis skulle vi i så fall gått fram?

Oppgåve 3

Skriv ein tekst på cirka 300 ord om korleis Rulletrappen kan vere ein allegori over livet i det moderne samfunnet.

Oppgåve 4

Samanlikn filmen med desse modernistiske tekstane:

  • "Emigrantene" av Dag Solstad

  • "Som i en kinosal" av Paal Brekke

  • "Foran loven" av Franz Kafka

Relatert innhald

Dag Solstads modernistiske novelle "Emigrantene" kan lesast som ein allegori. Kva kan det vere ein allegori over?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2021

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?